Tysvær-kvinna Ane K slepp i morgon singelen «Not dead yet» innspelt i ABC studio i Etne. Til vinteren kan det komme meir frå songfuglen med den spennande stemma.
Foto: Sondre Grytten
Tysvær-kvinna Ane K slepp i morgon singelen «Not dead yet» innspelt i ABC studio i Etne. Til vinteren kan det komme meir frå songfuglen med den spennande stemma. Foto: Sondre Grytten

Ane K går solo med sterk låt

Det var ikkje lett, men med sterke støttespelarar i ryggen tok Ane Kvinnesland turen til ABC studio i Etne. Det var slett ikkje dumt.

I morgon kjem singelen «Not dead yet» under artistnamnet Ane K ut på digitale plattformar. Heime sitt ein spent 24-åring og ventar på responsen for soloprosjektet. Det kan bli ein opptur. For låta, sjølv om teksten kan få deg til å tenke alvorleg gjennom litt av kvart, er på nytt eit eksempel på kvalitetane til denne artisten som me har høyrt om i over ti år nå.
– Det var skummelt, og eg har heile tida vore i dialog med Marie (Kvammen Aksland). For det var me som skulle i studio og spele inn ny musikk. Men det gjekk ikkje for henne akkurat nå, og med mellom anna mamma i ryggen blei eg heia på og tok sjansen aleine, seier Ane K.
Saman med Marie Kvammen Aksland fekk Kvinnesland mykje merksemd rundt singelen «Strawberry tea & broken teeth» i 2022. Me måtte fram med ein seksar på terningen for Tysvær-duoen og meinte det var eit internasjonalt snitt over det duoen «Ilu» serverte.
Det er det også over «Not dead yet». Lag på lag blir musikken ein del av den sterke teksten til Ane K og med kremlaget av musikarar frå ABC så er dette lett pop/songwriter-musikk som glir inn i øyra på lyttaren. Det er rydda reint for alt «dill – dall» som kunne forstyrra. Det er reine instrument som backar opp den flotte stemma til Ane K. Det er eit nytt topp-prosjekt servert av produsent Kjetil Ulland, og det er berre å be fint om meir.

Tøft
Men vegen til lydstudio og Ulland var ikkje lett å gå. Når har spelt og sunge med andre sidan ein gjekk på ungdomsskulen, er det ein utfordring å ta steget vidare til å gå solo.
– Eg ringte Marie og me snakka lenge og la ein plan for å jobbe meir saman til neste år. Samstundes kjenner eg at det triggar meg å måtte gjere alt sjølv. Som for «Ilu» så snakkar me om musikk i singer/songwriter og indie-sjangeren med eit hint av lett pop.
– Korleis var det å komme i studio og møte musikarane?
– Du veit, når ein kjem inn i eit studio og den første du helsar på er Torbjørn Økland, ja, då veit ein at det blir kvalitet. Alle dei som er med og speler var heilt fantastiske, backa meg opp og kom med innspel. Dei kom med ros på dei rette plassane og det var rett og slett svært motiverande. Timane i Etne var gull, og nå skal det sparast til neste session der inne, ler Ane K.
– Teksten i låta minner litt om at det som ikkje tar livet av deg gjer deg sterkare…
– Ja, det stemmer nok det. Det er ein veldig «naken» song som handlar om det å prøve å takle ein del utfordringar i livet og å sjonglere psyke og kropp. Den heiter «Not dead yet» fordi etter alt ein må igjennom og utfordringar som kjem, så er ein ikkje knekt ennå. Det er eit håp om at ein skal klare seg igjennom dei utfordringane som er og dei som kjem i framtida. Og ikkje minst, at alt som ikkje har tatt knekken på meg gjer meg sterkare og gjer at eg vil meir og meir. Det er nok fleire måtar å tolke teksten på, men for meg er tekstane viktige.
– Det blir gjerne slik at når nokon gir ut ein singel så spør lyttarane etter meir.
– Ja, og det er meir, mykje meir. Eg har ein del utkast som eg og Marie har jobba med, og så har eg ein god del som eg aleine har jobba med. Noko er berre utkast og idear, andre songar har komme litt lengre. Eg får lytte litt til kva folk seier om denne låta før eg vel neste, seier Ane K.

Alternativt
Det er sjølvsagt snakk om pengar når ein vil lage musikk og få det gjort ferdig i eit studio.
– Eg meiner at ein treng eit par låtar som er proft innspelt i ABC for å kunne bli lagt merke til. Men i dag er det sjølvsagt alternativ som er billigare, viss ein gjer alt sjølv i eit heimestudio. Som sagt skal eg kjenne litt på det. Nå fekk eg eit spark bak akkurat når eg trengte det, kom meg i studio og gleder meg til den 27. oktober. Då kan ein mellom anna laste ned låta mi på Spotify. Det er stort.
– Kven er kritikarane dine og dei beste støttespelarane?
– Det er kjærasten min Sondre, mamma og pappa. Og sjølvsagt Marie. Eg er heldig, for eg har mange rundt meg som backar opp og vil at eg skal lukkast. Nå har eg måtte ta fleire val i løpet av kort tid. Det var skummelt å starte prosessen med å gå solo, lage meg eit artistnamn og ikkje minst vite at songen kjem ut. Men samstundes er det kjekt og gir ei god kjensle. Eg har som mange andre på min alder vore gjennom mykje som har påverka meg i livet. At eg nå kan lage songar om det, gjer også godt. Så nå kryssar eg fingrane og håper andre også «finn» noko i musikken min. Det hadde vore stas, avsluttar Ane K.

PS! Dette intervjuet blei gjort tysdag kveld minuttar etter at Real Madrid hadde slått Braga i Champions League. Real Madrid-fan Ane K. hadde med andre ord ei fin opplading i ei spennande veke.

Ny singel

Terningkast 5

«Not dead yet»
Ane K
Medverkande:
Lars Erik Støle,
Rudolf Fredly,
Vegard Fossum,
Tekst og musikk:
Ane Kvinnesland
Produsent: Kjetil Ulland
ABC studio, Etne
27.oktober 2023