Tenorene Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes og David Fielder i aksjon i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tenorene Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes og David Fielder i aksjon. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Henrik kjem heim til jul x2

Skjoldastraumen kyrkje betyr mykje for familien Hundsnes. Derfor vel dei å lage til ein eigen konsert i kyrkja før jul.

Det blei litt spesielt i haust da faren blei gravlagt like utanføre kyrkja i Straumen. For Henrik Hundsnes, dottera Sofia og slektningen Helena Hundsnes så pass mykje at dei nå vil komme heim til jul og ha julekonsert.
– I gravferda song eg og Sofia »The prayer» og det har slått meg etterpå at der hadde det vore fint å hatt ein julekonsert. Nå tar me med oss Helene, pianist Steffen Horn og serverer våre julefavorittar. Og for oss personleg kunne det ikkje vore meir fullkommen enn det, seier songar Henrik Hundsnes.
Sokneprest Dag Tormod Milje synest det varet så bra initiativ at han opnar kyrkja til konsert måndag den 18. desember.
– Eg har gode minner frå konsertar i kyrkja og som sagt akkurat nå er det litt ekstra spesielt. Me veit at far ligg gravlagt der i heimbygda vår. Ramma rundt er dermed satt, seier Henrik Hundsnes.

Variert

Dottera Sofia opplev for tida stor suksess med sitt soloprosjekt, og julesongar er heile familien glad i.
– Når ein fritt kan velje, kva endar ein opp med då, Henrik?
– Ja, det kan fort bli nokre timar av det, men me skal prøve å sette saman ein konsert som spenner litt i alle juleretningane. Det blir mykje norsk, frå «Jul i svingen» til «Deilig er jorden». Så sveipar me innom kjende og kjære songar, som me håper folk også syng med på. I tillegg til Steffen så skal Sverre Vågen ha med trompeten og Sofia har lokka med seg gitaristen sin Amund Sylte. Det kjem til å bli heilt strålande, det kan eg love, seier den kjende tenoren.
Det blir solosong, duettar og heilt sikkert også trioformat på konserten.
– Einaste minuset, Henrik?
– Ja, det må vere at det berre er plass til 180 personar i kyrkja det. Uansett me gler oss stort til å komme heim til jul og å kunne servere denne konserten til bygda me er så glad i, og alle folka der, avsluttar Henrik Hundsnes.

Henrik og tenorane lovar julestemning
Tenorane og Steffen Horn har vore garantistar for julestemning i mange år også i Tysvær. Men i år må du til byen for å oppleve dei.
– Me har ein tradisjon med å reise rundt og ha konserten vår «Så ha ei god jul, då!». I utgangspunktet blir det i konserthus, og i år har me funne plass til 14 konsertar. Dessverre ikkje på heimebane i Tysværtunet, men like ved i Festiviteten. Eg reknar med å treffe mange kjende der også, for det har blitt ein fin tradisjon for meg å ta med meg resten av gjengen heim til jul, seier Henrik Hundsnes.
Repertoaret spenner som vanleg frå Bach til Elvis, eller om ein vil, frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør.

12. året
– Det er 12. året me er på vegen nå, om ein ser bort frå dei vanskelege pandemiåra. Dei heng faktisk i framleis, men me er godt nøgde med den turnélista me fekk til slutt. Me avsluttar forresten på heimebane på Nesodden i år. Det blir kjekt, seier Hundsnes.
Gruppa består av tenorane Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad, David Fielder, og pianisten Steffen Kjetland Horn.
– Nå har me eit konsept der me kan byte ut litt kvart år, men likevel halde på det programmet som har vore ein suksess. Litt strammare og litt meir songar har det blitt, og julesongane er tross alt det viktigaste for å skape stemninga. Og om nokon lurar så er sjølvsagt «O, helga natt» med til slutt, seier Henrik Hundsnes frå Skjoldastraumen.