Alf-Einar Kvalavåg, Redaktør
Alf-Einar Kvalavåg, Redaktør

God jul & Godt nyttår

Vi har sendt ut årets siste papiravis og snart er det jul. Neste år er me inne i vårt 49 år som lokalavis og aldri har det vore travlare, og sjeldan har det skjedd like mykje i Tysvær som i 2023.
Me er klar til å starte opp med ny frisk allereie 4. januar. (Husk me er på nett heile tida)

I advent er det mange av oss som skiftar litt stil og det kjem noko mjukt over oss. Litt meir tankar om andre og litt meir glede av å gi, framføre det å heile tida få. I ei tid som for mange står fram som kaotisk med krig og høge prisarm, så er det ikkje lett å vite heilt kva ein skal gjere. Eigne val blir vanskelegare å ta, me lar oss på mange måtar styre av det andre meiner. Likevel klarer mange å stå rakrygga å seie at nå er det nok egosentrisk tenking, me må bli meir inkluderande.
Som eg har skrive i leiaren fleire gonger så treff eg mange i alle samfunnsklassar gjennom eit avisår. Mange som har noko å melde, som har tillit til oss i lokalavisa, til meg som redaktør og som av ein eller annan god grunn vil at me skal vite personlege hemmelegheiter. Som har tru på at me kan hjelpe dei, og ikkje minst gjere ein skilnad i kvardagen. Dette er den delen av samfunnsoppdraget vårt som eg kanskje liker aller best, men som eg også kanskje mest tar med meg heim og grublar over.
Folk i Tysvær har det godt, våre lesarar har det godt – stort sett. Men då blir det slik at når dei fleste faktisk har det svært så bra, blir fallet til dei som ikkje har det bra så tydeleg.
Eg tenkjer av og til, ofte faktisk, at pengar er kjelda til mykje både godt og vondt. Det er også eit tema som forsterkar seg i advent. Spranget er gedigent og nesten umogleg å sette seg inn i. Ein vil så gjerne at alle skal ha ei god jul og me seier det faktisk til folk me nesten ikkje kjenner. Og me meiner det, eg har sett på ansikt til folk at dei oppriktig har blitt glad for ei god jul helsing og eit nikk langs vegen.
Men for nokon er ikkje munnlege helsingar nok. Denne veka trefte eg på ein som eg ofte treff på senteret. Han er høfleg og smilande og kjekk å treffe på. Eg trefte han ved minibanken, ein stad eg sjølv sjeldnare og sjeldnare er. Vipps og andre måtar å betale på har gjort denne tenesta lite viktig for meg. Men for han var den viktig. Eg gjekk i fella og spøkte med om han var inne og sjekka om julebonusen var kommen. Teit, men slik er me vel av og til. For blikket og dei 600 kronene fortalte ei anna historie.
– Eg tok ut alt så eg er sikker på at ingen stel dei frå meg på kontoen. Sist eg hadde pengar ståande blei dei borte.
Me gjekk saman gjennom senteret, passerte to juletre proppa med julegåveønsker, eit par butikkar med alvorleg store avslag på julegåver og tok farvel på torget.
– God jul Kvalavåg, dokker er dei beste…

I løpet av 2023 har eg møtt kjendisar, storpolitikarar, drukke kaffi med rådmenn, ordførarar og stortingsrepresentantar. Har opplevd Tysvær på sitt beste og verste, kunne vere med å sette dagsorden.
Men ein ting kan eg love og det er at me aldri skal gløyme mannen i gata, snakke med dei som kanskje ikkje har så mange andre å snakke med, og ha det som eit nyttårsløfte også for 2024.
Me bur i ein av verdas beste kommunar, men det er me sjølv som må sørge for at det kjennast slik ut.

God jul & Godt nyttår frå alle oss i Tysvær Bygdeblad Anne Marie, Gro, Irene, Marit, Ada og Alf-Einar.