Det blir ein strålande start på årets lunsjkonsertar.
Det blir ein strålande start på årets lunsjkonsertar.

FREDAG er det lunsj: Munor spelar årets første lunsjkonsert

Det blir ein strålande start på årets lunsjkonsertar. Musikkselskapet Norvegen, eller Munor, kjem til Tysværtunet med konserten dei har kalla Klassisk intro.

– Me er eit klassisk orkester, og denne gongen skal me overraske publikum – og kanskje utfordre dei, seier dagleg leiar i ensemblet Bernhard Gismervik på telefon til Tysvær Bygdeblad.

Klassisk Intro er ein slags konsert der dei har valt musikk som både er grei og ikkje grei, for å referere Gismervik.

– Det er nok uvant for mange å høyre slik musikk, men me forklarer på førehand grundig korleis konserten er sett saman. Me skal sørge for avmystifisering, og det blir meir enn berre ein introduksjon. Meir vil eg ikkje røpe, seier han.

Overrasking

– Eg trur nok at denne musikken kan verke framand for mange, og dei vil kanskje kjenne at dei ikkje forstår. Men me prøver på denne måten å avlive nokre myter gjennom å overraske publikum. Eg trur me treff publikum gjennom denne musikken.

Munor har tidlegare sett opp ein liknande konsert i Haugesund, då hadde dei også ein underhaldande inngang til stilen.

– Me vil forsøke å skjerpe appetitten til publikum og vise at klassisk er meir enn Mozart og Beethoven, men at det likevel er bra musikk. Eg har blitt utfordra på om ikkje musikk skal vere vakker, men då spør eg tilbake om det er mogleg å lage vakker musikk om krig. Det er når ein ser samanhengen at ein begynner å forstå, seier dagleg leiar i Munor.

Han er glad for å få anledning til å spele på Tysværtunet igjen.

– Eg er svært fornøgd med det. Etter at lunsjkonsertane blei flytta inn i Storsalen blei det mykje betre, det er ein flott sal å halde konsert i. Me gler oss til å komme til Tysvær, seier Bernhard Gismervik.

Med seg har han fiolinist Almuth Shylek, Tobias Tellmann på cello og Marina Johansson på piano. Ho skal også vere konferansier på konserten. Sjølv har Bernhard Gismervik administrative oppgåver denne gongen.

Ta ut billetter her:

https://tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-tba-xd8k3t/