Tormod og Ole Bernt Tørresdal kjem til lunsj i februar. Eit av mange høgdepunkt på årets Lunsjkonsert meny.
Foto: Christian Bjotveit
Tormod og Ole Bernt Tørresdal kjem til lunsj fredag. Eit av mange høgdepunkt på årets Lunsjkonsert meny. Foto: Christian Bjotveit

Wow, for eit lunsjkonsert-år – og det startar i dag

I dag fredag startar lunsjkonsertane for 2024. Me inviterer til eit klassisk treff med MUNOR. Deretter kjem det både gamle kjente og heilt nye artistar på rekkje og rad.

I februar kjem det ein artig og folkeleg duo som me har fått mange tips om. «Berdines Bjørnevågs orkester» speler folkeleg musikk med mykje humor.
– Eg har spelt og laga songar sidan eg var på speidarleir i 1978. Det har blitt ein del å velje i, og nå har sonen min Ole Bernt og eg plukka ut eit fint knippe me tar med oss til Tysværtunet. Me har slekt som kjem, mellom anna far min på 94, seier Tormod Tørresdal.
Dei to har spelt mange forskjellige stilartar opp gjennom åra, men dei siste konsertane ber preg av musikk kor tostemt og lett gjenkjennelege stilar blir miksa saman på ein fin måte.
– Me likar å synge for folk, og har dei siste åra hatt fleire konsertar her heime på Tananger med fullt hus og god stemning. Men håper mange kjente og ukjente tar turen til Aksdal når me kjem oppover tidleg i februar. Me ser i alle fall fram til det, seier Tørresdal.

Viseklubben
I mars har me gleda av å invitere til konsert med gjestar frå Haugesund Viseklubb. Eivind Jul Fiksdal har plukka med seg eit knippe av medlemmer i klubben som til vanleg mest speler på «Pitters» på Bakarøya.
– Me lir nok litt av at vise-sjangeren har rykte på seg for å være litt treig og skrumpete, seier primus motor Eivind Jul Wibe Fiksdal.
– Sanninga er at sjangeren i dag er svært brei, og kan samanliknast med den meir internasjonale «singer/songwriter» sjangeren. Til Tysværtunet har Haugesund Viseklubb med fire låtskrivarar som presenterer låtar frå eigne katalogar, som vil vise bredda, seier han.
Knut Gundersen er ein av veteranane frå det tidlege visemiljøet i Haugesund. Tuva Simensen er ein artist og låtskrivar som hentar inspirasjon innan indie-, folk- og rock -sjangeren. Ida H er ei av våre unge lovande singer/songwriters. Ho er 18 år og går i 2. klasse på musikklinja på Skeisvang.

Ønskereprise
Lunsjkonsertane er ei blanding av nytt og gamalt, og sjølvsagt er det lov å komme med ønsker. Eit av banda me får flest ønsker på er «Howdy». Countrybandet frå Nedstrand har mange fans og dei speler på årets sommar-lunsjkonsert.
I april har me ein open dato og der er det fleire namn som det jobbast med. Det får bli ei overrasking etter kvart.
– Våren er spennande med både nye namn og eit par me har hatt før. Slik skal det vere. Konsertane er i storsalen og det veit me mange av artistane set stor pris på. Å få både øve litt og spele konsert i eit slikt format med skikkeleg lys og lyd, er det ikkje alle som får så mange moglegheiter til. Det er nå ni år sida me starta med lunsjkonsertar og både artistar og publikum har rosa tilbodet dette er. Alle konsertane er fredagar klokka 11.30, altså midt i lunsjen, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.

Ein draum
I august får me som arrangerer konsertane oppfylt ein av våre draumar. Dei siste åra har me følgt talentfulle Sofia Loise Henriksdotter. Ho har gitt ut fleire herlege poplåtar som ho har hatt suksess med. Rett før jul var ho i Skjoldastraumen kyrkje saman med faren Henrik Hundsnes og spelte julekonsert til terningkast seks.
I august kjem ho over fjellet og speler ein eksklusiv lunsjkonsert for oss.
– Det ser eg fram til, og eg synest dette er eit så bra opplegg at det vil eg vere med på. Å få vist seg fram på Haugalandet på denne måten er eit unikt tilbod. Eg tar med meg bandet mitt og vil servere låtar frå dei utgivingane som eg har fått god respons på. Pluss litt til, sa Sofia Loise då ho gjesta Straumen.

Sofia Loise Henriksdatter


Hausten
Til hausten er det fleire artistar som nå har fått tilbod og som har kontakta oss. Nokre ledige datoar er det, hint-hint, og det er allereie på plass ein dato for julekonsert. Men først skal me kose oss gjennom vinter, vår og sommar.
Hugs at det må takast ut billettar på nett eller i biblioteket sjølv om billettane er gratis. Konsertane er eit samarbeid mellom artistane, Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet Kulturhus.