Bjørn Berge er ein gitarlegende i levande live på Haugalandet.
Bjørn Berge er ein gitarlegende i levande live på Haugalandet. Foto: Tor Nilssen

Bjørn Berge: – Hadde litt liggande

Bjørn Berge dundrar vidare med sine gitarar og sin strengeleik. Denne gongen hadde han ein del snaks liggande, han tok dei med til ABC i Etne og trylla fram ei ny plate.

Bjørn Berge er ein gitarlegende i levande live på Haugalandet. Med sine 13 soloplater har han for lengst skrive seg inn i historiebøkene. Kraftfullt og klassisk på den eine sida, men også leikent og nytenkande.
– Eg hadde ein del låtar liggande som eg tenkte at det hadde vore kjekt å spele inn hos Kjetil (Ulland) i ABC studio i Etne. Eg tok med meg eit knippe, booka ein dag og gjekk laus. Resultatet blei plata «Introducing SteelFinger Slim» som kjem ut i dag, faktisk, seier Bjørn Berge då me snakka med han om albumet sist fredag.
– Ny plate innspelt på eit døgn? Fortel…
– Eg hadde lyst til å gjere mellom anna eit par coverlåtar og ein del songar som er litt typisk meg akkurat nå, og som eg visste fungerte frå scena live. Her er det rein gitar og song utan noko som helst dill og dall. Rett på og med litt hjelp av Kjetil til å få det i hamn. Me begynte roleg med ein kopp kaffi i 10-tida og enda opp etter mykje kaffi med det meste innspelt like etter midnatt. Stileg, synest eg, at me kunne gjere noko slikt. Eg veit at eg og Kjetil kjenner kvarandre godt musikalsk og veit kva me er på jakt etter. Kunne ikkje gjort slikt kor som helst, skryt Bjørn Berge av sin kollega i lydstudioet i Etne.

Kunne ikkje gjort slikt kor som helst

Miks
Berge har eit stort og fagleg dyktig publikum rundt om i heile Europa. Meldingar etter konsertane er heilt der oppe og det er alltid skyhøge forventningar når han slepp ny musikk. Denne gongen varma han fansen opp med T-Rex sin «Get It On».
– Det blei svært godt tatt i mot og eg ville gjere min versjon av låta, som eg synest er fantastisk stileg. Ikkje noko tradisjonell cover, men ein versjon som kan køyrast live med meg og gitar. Eg vil vere ein historieforteljar når eg er ute blant folk, og då er det å gjere ting ærleg og på min måte den greia eg held meg til. Å berre reise rundt med gitar for å spele låtar er ikkje motiverande. Det må vere noko meir med det. Difor prøver eg også å variere låtane som er med på plata. Det er litt opptempo, men også rom for litt rolegare saker, smiler Berge.
Og plata har verkeleg funne plass til både tradisjonelle bluselåtar og eit par neddempa saker Berge trakterer elegant. «Your man» og «Begging» er slike songar som fansen garantert kjem til å trykke til sitt bryst.

– Kva nå?
Med ny plate og konsertar i vente er det slett ikkje tid for å roe ned.
– Nei, allereie i helga var det sleppkonsert på Stord. Så blir det konsert på Høvleriet før eg tar med meg gitaren og fartar rundt.
– Som i gode gamle dagar?
– Ja, nesten. Hugsar då dei første platene kom så var det sleppfestar og meldingar i alle dei store avisene dagen etter. Nå er det slutt på både det eine og andre. Heldigvis kjem eg frå ein stad der det framleis er dei som vil snakke med ein gamal gitarist, ler Bjørn Berge, som dei siste dagane også har vore på radio og fortalt om nye-plata.

Hugsar då dei første platene kom så var det sleppfestar og meldingar i alle dei store avisene dagen etter

Femmer
Kva er det så Berge serverer denne gongen?
Først og fremst ti blues/rock-låtar i den leia me har blitt både fasinert og glad i dei siste åra. Gitarspel i verdsklasse tett knytt til ei særeigen stemme. Det fungerer, og det er mykje å lytte etter, og til. Og det er inga tvil om at dette er eit nær heilt akustisk livealbum spelt inn med eit stort hjarte for både musikken og til publikum som nå skal laste ned eller fysisk kjøpe plater. For det er ein slik Bjørn Berge mange av dei ønsker seg. Det er alltid pluss og minus å henge seg opp i når ein speler ei plate frå A til Å og på repeat. Men Bjørn Berge klarer framleis å vere aktuell og underhaldande når han aleine, med enten seks eller tolv strengar, skal fortelje både nye og gamle historier gjennom musikken.
Favorittar er rolege «Begging», den herlege tradisjonelle bluselåta «Black Night» og opningssporet «Mama Said».
Mogleg Berge er heldig at det framleis er dei som skriv og snakkar om og med lokale artistar. Men me er nå heldige, me også, som har slike unikum som Bjørn Berge.

Ny plate

Terningkast 5

«Introducing
SteelFinger
Slim»

Bjørn Berge
10 songar
LP/CD
Innspelt i ABC studio, Etne
Produsent: Kjetil Ulland
Label: Blue Mood/Grappa
Januar 24