Tormod og Ole Bernt Tørresdal kjem til lunsj i februar. Eit av mange høgdepunkt på årets Lunsjkonsert meny.
Foto: Christian Bjotveit
Tormod og Ole Bernt Tørresdal kjem til lunsj fredag. Eit av mange høgdepunkt på årets Lunsjkonsert meny. Foto: Christian Bjotveit

Lunsjkonsert fredag: Det kan bli både koseleg og moro

I morgon, fredag, er det ny lunsjkonsert i Tysværtunet. Og denne gongen serverer me noko heilt nytt. «Berdines Bjørnevaags Orkester» speler folkeleg musikk med mykje humor.

Heime i Tananger legg far og son planar for spelelista samstundes som dei held kontakten med slekt og venner i Tysvær. Talet på billettar som er tatt ut nærmar seg 200.
– Det er heilt fantastisk, og nå berre gleder me oss til å komme til Tysværtunet og treffe alle desse folka. Me visste me hadde stor slekt der oppe, men så mange da gitt, ler Tormod Tørresdal.
Då me snakka med han for kort tid sidan kom han med eit kort oppsummering av karrieren så langt.
– Eg har spelt og laga songar sidan eg var på speidarleir i 1978. Det har blitt ein del å velje i, og nå har sonen min Ole Bernt og eg plukka ut eit fint knippe me tar med oss til Tysværtunet. Me har som sagt stor slekt som kjem, mellom anna far min på 94.
– Kva vil du seie om sjangeren?
– Me har spelt mange forskjellige stilartar opp gjennom åra, men dei siste konsertane ber preg av musikk kor tostemt og lett gjenkjennelege stilar blir miksa saman på ein fin måte. Me liker å synge for folk, og har dei siste åra hatt fleire konsertar her heime i Tananger med fullt hus og god stemning. Nå gjeld det å plukke ut litt gamalt, men mest nytt, seier Tørresdal.

Det er heilt fantastisk, og nå berre gleder me oss til å komme til Tysværtunet og treffe alle desse folka

BILLETTER KLIKK HER: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/gratis-lunsjkonsert-berdines-ork-k5pcs1/

Variasjon
Med gitar og song har dei to fått mykje skryt og stadig nye fans. Musikken er alt mogleg frå americano, via country til roots og visesongar.
– Dette er musikk som folk liker, og eg kan vel garantere at sjølv dei næraste ikkje har høyrt desse versjonane før. For å seie det rett ut, å få spele i ein slik konsertsal er ikkje noko me gjer kvar veke. Eller, me har vel aldri fått ein slik sjanse, ler Tørresdal.
Med gitaren stemt i D så har dei for lengst pakka ned utstyret.
– Me kjem tidleg for å snakke med Håvard (teknikaren) og få kjenne på korleis det er å spele i ein storsal. Musikken vår passar eigentleg godt til slike lokale då lyden ber godt. Det er på mange måtar behageleg for publikum, og då blir dei også flinkare til å lytte. Dette er ikkje komitekstar, men lun humor om det som skjer rundt oss i livet. Då eg fekk sonen min skreiv eg 15 songar om han på eit par dagar. Då eg fekk barnebarn, var det 15 nye. Eg har alltid vore ein observatør, og det har det blitt ein del fine songar om, seier Tormod Tørresdal.
Med slekt på Kallakodt, Tørresdal og i Hervik så blir det eit aldri så lite familietreff også. Men viktigast av alt er å få spelt for eit heilt nytt publikum.

Det gledast
Me fekk nyss i duoen gjennom kjennskap og vennskap. Kjenner du nokon som bør få sleppe til under ein lunsjkonsert så må du gjerne kontakte oss.
Fredagens konsert startar som vanleg 11.30 og det er berre å hente ut din gratisbillett på nett eller i biblioteket.
Neste lunsjkonsert blir 22. mars. Då kjem eit knippe av visesongarane til Haugesund Viseklubb på besøk. Det blir sjølvsagt også ei fantastisk oppleving å kunne sitte i storsalen og kose seg med nokre av dei beste lokale visesongarane med Eivind Jul i spissen. Han har med seg Ida H, Tuva Simensen og Knut Gundersen. Billettar skal vere tilgjengelege også til den konserten, om du tidleg vil sikre deg den beste plassen.