Ordførar Monika Lindanger har allereie prega mange av sidene i Bygdebladet.– Kva tenkjer ho om det, og mykje meir. Ho gjester seniortysdagen den 20. februar.
Foto: Marit Tvedt
Ordførar Monika Lindanger har allereie prega mange av sidene i Bygdebladet.– Kva tenkjer ho om det, og mykje meir. Ho gjester seniortysdagen den 20. februar. Foto: Marit Tvedt

Me seier alltid ja til å møte lesarane

Tysvær Bygdeblad vil vere tett på lesarane, og me vil at lesarane skal vere tett på oss. Velkommen til seniortysdagar.

TA UT GRATISBILLETTAR HER: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/gratis-laeringsrik-lunsj-avisrunden-med-alf-einar-kvalvaag-ks9i5f2/

Denne veka starta ein opp tilbodet «Seniortirsdag» på kulturhuset. I regi av frivilligsentralen vil ein kvar tysdag framover invitere til eit gratistilbod til alle det passar for å ta turen klokka 11 ein tysdag.
Og Tysvær Bygdeblad skal vere med. Me har fått utdelt to tysdagar i vår og like mange til hausten. Då vil me at du som lesar tar turen, og ta gjerne med ein nabo og to. For me har fått god plass til å snakke om det som skjer rundt oss i Tysvær og i verda elles.

Me har eit sterkt ønske om å møte lesarane våre, og gjerne få med endå fleire. I ei tid der aviser rundt oss må gjere grep og kutte i papirutgåver og får kritikk for det, vil også me utvikle oss vidare, tett på det som skjer rundt oss. Det gjer me best når me kan slappe av og snakke saman, komme med innspel, gjere kvarandre gode og ikkje minst, for oss, forklare korleis det heng saman alt det me skriv om.
Dei siste åra har Bygdebladet takka ja til fleire spennande prosjekt. Me var lenge med på yrkesmessa og møtte ungdommar som skulle ut i verda. Me takka ja til å besøke både små og store lag og foreiningar, og me har vore sentrale i valdekninga, både i storsalen, på TV og i våre spalter. Målet var at me skulle vere der det skjer. Og den verda er i stadig utvikling. Nå arrangerer me saman med kulturhuset lunsjkonsertar minst sju-åtte gonger i året. Dette gjer me for at artistar lokalt skal få lov til å prøve seg på ei skikkeleg scene, vise kva dei kan og ikkje minst vise kulturmangfaldet innan musikken. Me bruker vår nisjeannonsering slik at konsertane er gratis, og eg anbefaler sterkt at du tar deg ein tur om du ikkje allereie er ein av dei trufaste som møter opp. I morgon fredag er det ny sjanse klokka 11.30 i storsalen. Det er berre å møte opp.
Me er også med saman med Tysvær kommune og heidrar dei frivillige gjennom Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune sin kulturpris. Den blir delt ut kvart år på nyttårsmottakinga i kulturhuset. Me gjer det for å heidre dei som verkeleg gjer ein stor jobb kvar einaste dag, og me gjer det i avisa og på nettet vårt slik at lesarane får det med seg.
Me skal aldri bli størst, men me skal vere så gode at dei som les Bygdebladet kan seie at det er ein nyheitsformidlar dei vil vere ein del av. Og nå inviterer me altså til treff på nytt.

Første gongen startar me på topp når ordførar Monika Lindanger blir med som gjest

20. februar
20. februar klokka 11.00 i Nygaardsalen skal me snakke om korleis me lager lokalavis. Korleis me vel ut det me presenterer, kven som informerer oss og om korleis me ser for oss framtidas mediekvardag. Her veit eg at det er mange meiningar, så møt opp og kom med dei.
I tillegg vil eg desse tysdagene ha med ein gjest for å snakke om eit spesielt utvalt tema. Første gongen startar me på topp når ordførar Monika Lindanger blir med som gjest. Tema er korleis det er å plutseleg vere på framsida, på TV og på alle sendeflater som ordførar. På mange måtar er ordføraren vår største kjendis. Korleis taklar ho det?
Eg har stor tru på at det kan bli eit innsyn i ein kvardag mange vil ha glede av å høyre om.
Me skal snakke om lokale kjendisar og val me i avisa gjer når me «klistrar» ein person over heile framsida vår eller over to sider inni. Lindanger veit betre enn dei fleste korleis det er, også med bakgrunn i sin tidlegare jobb i barnevernet.

18. mars
18. mars er me tilbake med del 2. Då skal me snakke om korleis media dekker sorg og død. Korleis ei lokalavis dekker dødsulukker, drap og personlege tragediar.
Me får med oss Gjermund Lygre, soknepresten som gjennom sin jobb ofte treff på tysværbuar i den djupaste sorg. Kor går grensa mellom informasjon og nyheiter og den verkelege sorga som ein bør ha for seg sjølv? Eit viktig tema me håper mange vil ha med seg.
Tysvær Bygdeblad er i stadig utvikling og til neste år er me 50 år. Fram til det skal me vere tett på alle som vil, og gi innbyggarane i Tysvær ei lokalavis som også har plass til nyheiter utanføre Tysvær, men som opptar oss. Heldige me som får vere ein del av senior-
tysdagane som allereie neste veke inviterer til spennande samtale og eksempel på bruken og historia bak musikk i sorgprosessen. Alt saman er gratis og me ønsker velkommen.

Alf-Einar Kvalavåg, redaktør