Eivind Jul serverte godlåter både fra sitt debutalbum og sin kommende plate under dagens lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Eivind Jul tar med seg et knippe visesongarar frå Haugesund viseklubb til lunsjkonsert. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Viseklubben tar turen frå byen til lunsjkonsert den 22.

Haugesund Viseklubb har tatt lokale visesongarar på alvor og gitt dei moglegheiter, mellom anna på Pitters kafé. Nå vil dei ut og vise seg fram. Kva er betre enn lunsjkonsert på scena i Tysværtunet?

– Det er ein utruleg flott sal å spele i og me gleder oss stort til å komme dit den 22. mars. Eg har vore så heldig og fått spele der før, og tar nå med meg tre flotte visesongarar. Dei skal vise kva dei sjølv står for, men også formidle eit tverrsnitt av det viseklubben driv med. At me kan ha eit slit unikt samarbeid over kommunegrensa er stas for alle partar, seier Eivind Jul Wibe Fiksdal.
Det er mange som etter kvart har fått med seg ein konsert og to med «siddisen» som er med på svært mange spennande prosjekt på Haugalandet. Då han sist gjesta lunsjkonsertane var det stor stemning og masse folk. Det blir det også denne gongen, og det hastar litt om ein vil sikre seg gratisbillett.
– Denne gongen vil eg nytte mine minuttar til mellom anna å spele ein heilt ny låt. Å få gjere det på det fantastiske flygelet i Tysværtunet ser eg skikkeleg fram til. Eg elskar det rett og slett, ler Eivind Jul.

Billettar finn du her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-hz8b4p/

Fire artistar
Med seg har han Knut Gundersen, Tuva Simensen og Ida H.
Knut Gundersen er ein av veteranane frå det tidlegare visemiljøet i Haugesund. Han blei raskt eit sentralt medlem i Haugesund Viseklubb og har hatt to større konsertar der. Mellom anna hadde han eit samarbeid med den kjente forfattaren Gunnar Roalkvam.
Tuva Simensen er artist og låtskrivar frå Haugesund, og hentar inspirasjon innan indie-, folk- og rock-sjangeren. Dei ærlege tekstane står i sentrum for musikken, og lydbildet blir dratt mot det desperate og melankolske gjennom den særeigne vokalen. Fleire av utgivingane hennar har vore lista på Radio102 si Topp 40-liste.
Ida H. er ein av våre unge lovande singer/songwriters. Ho er 18 år og går i 2 klasse på musikklinja på Skeisvang og drøymer om å jobbe med musikk på fulltid. På tross av sin unge alder har ho dei siste åra gitt ut fleire singlar, der fleire er lista på radio.
– Me håper og trur at dette er ein fin miks med songarar som publikum vi få glede av å treffe tett på. Me har i alle fall store forhåpningar til lunsjen, og veit at me har folk som tar turen og har sikra seg billettar.
– Kor står visesong i 2024?
– Me slit nok litt med at vise-sjangeren har rykte på seg for å være litt treig og «skrumpete». Sanninga er at viseomgrepet i dag er svært breitt, og kan samanliknast med den meir internasjonale «singer/songwriter» sjangeren. Me er heldige i vår region som har mange dyktige folk som nå jobbar seriøst både med eigne songar, – aleine, eller i band. Me ser at i dei konsertane som me har hatt er nivået bra, folk kjem og responsen er god. Om ein kallar dette for visesong og lager ein eigen bås for den stilen, så har Haugalandet gode tradisjonar med artistar på høgt-høgt nasjonalt nivå i denne sjangeren, seier Eivind Jul.

Nytt namn
Samstundes som me tel ned til konserten med Haugesund Viseklubb, kan me annonsere artistane for april. Då kjem «Terje og dei», som er ein duo med Terje Helgesen og Graham Smith. Begge er kjende og populære musikarar på Haugalandet. 19. april står dei på scenen i Tysværtunet med lunsjkonsert.
– Me er to erfarne musikarar som tilbyr konsertar og dansemusikk til eit vakse publikum. Me har spelt saman i mange år, og har besøkt arrangement som «Frukost ved fjorden» på Åkrafjordtunet og Etne kulturnatt tidlegare. Kvart år turnerer me på alle omsorgsentra i Haugesund og spreier glede med vårt opplegg. Det same har me gjort i både Tysvær og Bokn. Me ser fram til å treffe både kjente og nye publikummarar i april, seier Terje Helgesen.
Graham Smith har tidlegare gjesta lunsjkonsertane med bandet sitt Grahams Gang. Ein konsert med svært godt besøk.
Me rundar av vårsesongen med superpopulære Howdy 14. juni. Billettar til alle planlagde lunsjkonsertar er lagt ut. Konsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus.