Nedstrand barnehage inviterte Rusleturgruppa på Nedstrand med oss på turen til grillhytta vår i dag.
Nedstrand barnehage inviterte Rusleturgruppa på Nedstrand med oss på turen til grillhytta vår i dag.Bilde 1 av 7
20240312_094614
Bilde 2 av 7
IMG_20240312_194020_749
Bilde 3 av 7
IMG_20240312_194020_709
Bilde 4 av 7
20240312_094546
Bilde 5 av 7
IMG_20240312_194020_610
Bilde 6 av 7
20240312_100845
Bilde 7 av 7

12. mars blei «Barnehagedagen» markert over heile landet

Formålet med dagen er å synliggjera kva barna får oppleva, erfara og læra i barnehagen.

Innsendt fra Nedstrand barnehage og Torbjørg Karina Nagell Topnes

I år var kulturarv og nærmiljø tema, og mange stader var det mulig å få innblikk i den fantastiske jobben som blir gjort kvar dag i ein av våre viktigaste barndomsarenaer.
Nedstrand barnehage inviterte Rusleturgruppa på Nedstrand med oss på turen til grillhytta vår i dag. Me starta med å visa utstillingen barna har laga på veggen, kor det stod forklart litt om kva me lærer om staden vår Nedstrand. Tankekart og teikningar prega veggen.
Totti fortalte om vår satsing rundt lokalkultur og nærmiljø, og at me hadde vår lokale historikar, Sigmar Myhre inne på ein personalmøte for mange år sidan kor han fortalte om kulturminner og kjente stader rundt om på Hinderåvåg. Dette har me tatt med oss inn i vårt pedagogiske arbeid.

På turen vår gjekk me gamleveien på Nedstrand. Ei av dei i Rusleturgruppa kunne fortelja at dette var veien inn til Nedstrand då ho flytta her til som ung. Me stoppa ved Kvilesteinen. Der song me songen vår om Kvilesteinen, som barnehagebarn for mange år sidan har laga. Me gjekk så vidare til grillhytta og leika med det me pleier der – klatra i trær og oppover bergskråningar, leika i sandkasse og turna i taunett, Me åt nista vår ilag, medan Totti fortalte om segnet Himakånå med konkreter til alle. Barnehagen brukar ofte konkreter når ein skal formidle bøker og segn/eventyr for å forsterke historien og å styrke forståelsen. Etterpå song me songen vår om Himakånå.

Dei som kom frå Rusleturgruppa syns me hadde det veldig kjekt og dei var imponerte over alt ungane kunne, og kor sjølvstendige dei var.
Ein veldig kjekk tur på tvers av generasjonar, kor både pensjonistar, barn og tilsette som var med på turen storkoste seg.

Songane me har laga, som me song til pensjonistane på barnehagedagen: