Terje Helgesen og Graham Smith, eller «Terje & dei» som dei kallar seg er to erfarne musikarar frå Haugesund som tilbyr konsertar og dansemusikk til eit vakse 
publikum. Dei kjem og speler gratis lunsjkonsert den 19. april.
Terje Helgesen og Graham Smith, eller «Terje & dei» som dei kallar seg er to erfarne musikarar frå Haugesund som tilbyr konsertar og dansemusikk til eit vakse publikum. Dei kjem og speler gratis lunsjkonsert den 19. april.

NY Lunsjkonsert: Terje & Dei lovar lun og god musikk til lunsj

Terje Helgesen har vore på lunsjkonsertar i Tysværtunet og tenkt tanken at dette hadde vore midt i blinken for Terje & Dei. To telefonar og eit par e-postar seinare står dei på scena.

Billetter: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/gratis-lunsjkonsert-terje-og-dei-wg8o5p/

19. april kjem dei, det vil seie Terje Helgesen og Graham Smith. For bak det artige bandnamnet skjuler det seg altså ein duo, og ikkje kven som helst. Begge har lang fartstid på scenar rundt om på Haugalandet.
– Grunnen var vel ein slang frå ungdommen då gutane sa dei hadde hengt rundt med Terje og dei. Då eg hadde spelt saman med Arne Fylkesnes i omlag 25 år, så brukte eg ein del gitaristar litt om kvarandre. Det var ikkje alltid sikkert kven det passa best for, så då blei det musikk med Terje og dei. Slik har det vore i mange-mange år, rundt om på heile Haugalandet, seier Terje Helgesen.

Suksess
Suksess-faktoren var å spele til dans, men slik er det ikkje lengre. Dansearrangement er like vanlege som hønsetenner, med andre ord uhyre sjeldan.
– Før var det dans overalt og det var alltid oppdrag som låg og venta. Seinare har det blitt mykje meir konsertar på alt frå dagsenter til små konsertsalar. Eg likar dette, og det å lage nye norske tekstar til kjente songar har blitt litt vår greie. Eg og Graham har spelt saman sidan 2017 og det fungerer svært bra. Det skal vere kjente songar, litt smil, litt latter og kanskje ein liten klump i halsen under ein konsert med oss. Eg speler piano og syng, medan Graham har med seg gitaren.
– Du har vore gjest i salen på lunsjkonsertar. Kva er det med formatet du liker?
– Først og fremst må eg få skryte til dei som står bak eit slikt fantastisk tilbod. Å la lokale artistar få sleppe til slikt, trur eg ikkje mange får til. Skikkeleg lyd, fantastisk lysproduksjon og mykje folk. Eg sat i salen og høyrte på eit par konsertar og tenkte, tenk om me kunne fått ein slik sjanse. Eg tok ein telefon og sendte ein e-post og jaggu fann dei plass til oss. Eg trur alle som kjem vil få ein flott halvtime i lag med oss, seier Helgesen.
Helgesen er det mange som har møtt på både på fotballbanen og på scena. I si tid i selskapet Stolt-Nielsen var han med i eit revyband som underhaldt minst ein gong i året. Då var det å parodiere meir eller mindre kjente profilar i selskapet.
– Det var tider som eg minnast med glede. Også den gongen laga me tekstar til kjende melodiar, noko eg som sagt har tatt med meg vidare. Ein konsert med oss vil garantert ha med minst 80 prosent norske tekstar.
– Kva tenkjer engelskmannen Graham om det?
– Han er stødig han, så det er ikkje noko problem. Han trudde ei stund at «Flickan i Havanna» var «Flickan i Hardanger», så litt moro har me det internt også. Eg likar forresten å fortelje litt om kvar song, sette den inn i eit bilde slik at folk i salen får ei total oppleving.

Spelt i «Tunet»
Terje & dei har også tidlegare spelt i Tysværtunet for lag og foreiningar og har jamleg konsertar på Havnaberg, men musikken er for alle som er glad i god gammaldags visepop og klassikarar frå fleire sjangrar.
– Me spelte ein del i Maritim Hall, men der er det lite dans nå for tida. Så var det Atlantic Hall i Stavanger og på Nordhuset.
– Dei tre store med andre ord…
– Ja, det er heilt utruleg, men ja, dei var store alle tre, ler Helgesen.
Han blir litt meir alvorleg når han mimrar.
– Før gjekk folk på dans, trefte naboen og hadde det kjekt. Nå er det ei gruppe vaksne me ikkje ser lengre. Av og til treff eg dei når eg speler i ein 50- eller 60-årsdag, men dei er blitt borte. Difor er det spesielt hyggeleg å få denne sjansen og eg oppfordrar alle me har møtt på vår veg, og nye venner til å ta turen til lunsjkonserten. For eg reknar med at det er plass til ein del i Storsalen i Tysværtunet, avsluttar Terje Helgesen.
Svaret på det er ja, og det er allereie mange som har vore innom på nett eller i biblioteket og tatt ut gratisbillettar.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Konsertane startar klokka 11.30.