Grethe Vangsnes, leiar av Tysvær Frivilligsentral er klar til å støtte sommaraktivitar.
Grethe Vangsnes, leiar av Tysvær Frivilligsentral er klar til å støtte sommaraktivitar. FOTO: Marit Tvedt

Det blir sommar i Tysvær

I sommar skal det skje mykje og i juni kjem avisa «Sommar i Tysvær». Før det kan du søke om støtte til arrangement.

Med eit tynt lag med is på frontruta tidleg i april er du kanskje ikkje akkurat i sommarmodus. Eller kanskje er du og laget ditt akkurat det. Ei som for lengst ser fram til sommaren er Grethe Vangsnes, dagleg leiar i Frivilligsentralen.
– Det gjer eg, og vil gjerne informere om gode nyheiter til alle som ser fram mot ein aktiv sommar. Då er det tradisjonen tru svært mange aktivitetar for liten og stor mange stader i kommunen. I samarbeid med Tysvær Bygdeblad gir Tysvær kommune ut eit magasin, «Sommar i Tysvær», der me ønsker å samle alle sommaraktivitetane. Tysvær kommune har også sett av 50.000 kroner til formålet, som ein kan søke om innan 15. mai. Me kan støtte med inntil 5000 kroner per aktivitet/arrangement som me godkjenner. Målet med utlysinga er å gi fleire innbyggarar i Tysvær mykje hyggeleg å oppleve i sommar, seier Vangsnes.

For alle
Vangsnes vil ikkje prioritere målgrupper ut frå alder.
– Nei, målgruppa er 0-100 år, men i søknaden kan du beskrive kven du ønsker å nå.
– Kva gis det støtte til?
– Enkeltarrangement eller aktivitetar som skjer frå 22. juni til 14. august.
– Kven kan søke?
– Frivillige lag og foreiningar registrert i Brønnøysundregisteret.
– Litt meir detaljert, kva vil ein vektlegge?
– Me vel gjerne ut prosjekt som skaper aktivitet for mange deltakarar og går over fleire dagar. Det er fint med tiltak i nærmiljø, som er ope for alle i målgruppa. Tiltaket som er gratis eller har låg kostnad blir prioritert. Me oppfordrar alle til å søke slik at me også får ein oversikt over alt som blir laga til gjennom sommaren. I sommaravisa vil det bli mange redaksjonelle saker som vil spegle aktiviteten. Me veit allereie om mykje, mellom anna konsertar, fotballskular og aktivitetar knytt til faste datoar, men også fleire som er nye i år. Det er berre å glede seg, seier Vangsnes.

Bli med
Tysvær Bygdeblad tar gjerne i mot tips om aktivitetar som skjer i den sommarperioden. Det er også lov å spørje om me har gode tips til spennande tiltak. Tradisjonelt er det stor aktivitet i kommunen gjennom heile sommaren, og initiativ frå lag og foreiningar spenner breitt. Kommunen har også ope museum og kulturhus. Ver aktiv og kreativ, som blir det ein flott ferie.
– Det er viktig at dei som vil søke kontaktar oss i Frivilligsentralen slik at me kan komme i gang med vurdering, og etter kvart tildeling av midlar, avsluttar Grethe Vangsnes.