Audhild Drivdal Frøyland – Fagansvarlig psykisk helse, Familieteam
Forsking har identifisert åtte område i parforhold, som både kan vera mogelege å endra og som kan ha ein beskyttande effekt på utviklinga av forholdet over tid. Desse er kommunikasjon, forsoning, sexliv, foreldresamarbeid, vennskap, parforholdstilfredshet, tillit og forplikting.
Kva er normalt?
Det er ei vanleg og samstundes feilaktig forståing i kulturen vår at det gode parforholdet ikkje krev ein vedlikehaldande innsats. Om ein ikkje gjer denne innsatsen, så er normalutviklinga at det skjer eit naturleg forfall.
Å leva tett på eit anna menneske, inneber at det ikkje er til å unngå at det kjem konfliktar som kan ramma med betydeleg grad av smerte.
Ofte ønsker me at partnaren vår skal endra seg. Me kan lett gløyma å sjå på vårt eige bidrag inn i relasjonen.
Her er fem tips for eit godt samliv:
1. Bli kjent med kvarandre si indre verd
Partnaren din er avhengig av at du fortel kva som skjer på innsida av deg for å forstå deg, og motsett. Fortel kva behov du har, kva du fryktar, kva håp og draumar du har. Eller korleis erfaringar frå eigen oppvekst påverkar korleis du forstår det som blir sagt eller gjort i parforholdet.
2. Ta vare på beundring og vis at du set pris på partnaren din
Då trengst ei grunnleggande oppfatning om at partnaren er verdt respekt og verdt å bli likt. Dette kan vera sårbart viss du gløymer kor viktig vennskapet er som grunnstamme i gode forhold. Heldigvis kan du øva deg, og gjera det til det til ein god vane å visa verdsetting og takksemd: Fortell om dei tre tinga du beundrar med partnaren din. Velg ut fem positive ting du gjerne vil sei til partnaren din. Nevn ein situasjon der partnaren din gjorde ei handling som betydde mykje for deg, eller viste dei gode eigenskapene. Gjer det til ein vane, å kvar dag fortella om noko du er takksam for.
3. Sett av tid til å snakka om kvardagen, kjensler og behov
Gjer dette til ein dagleg vane.
4. Løys dei problema som let seg løysa
Start roleg med å presentera kvifor dette er eit problem for deg – innrøm felles ansvar. Det minskar sjansen for at partnaren reagerer med kritikk, forakt, går i sjølforsvar eller koplar seg av kjenslemessig.
Lær deg å reparera og ta imot forsøk på å gjera ting godt igjen. Sei unnskyld der det trengst.
Ta pause om kjenslene tar overhand, og ta ansvar å snakka saman igjen når kjenslene har roa seg.
Inngå kompromiss og ver open for å sjå om igjen på måten du vurderer ting.
Unngå å la konfliktar eskalera eller bli liggande ubehandla. Av og til er det lurt å bli enige om at ein er uenige – og la temaet få lite fokus.
5. Skap felles meining
Lag faste tradisjonar som samlar familien. Et middag saman. Gi støtte til kvarandre sine roller til dømes i oppdraginga av barn. Jobb saman mot felles mål, gjerne gjennom frivillig arbeid. Snakka saman om haldningar og verdier.
Gode, varme relasjonar har sprengkraft i seg til å krypa inn under huda på vaksne og barn – påverka biologi, immunsystem, helse og trivsel i både notid og framtid!