Sofia Loise kjem til lunsjkonserten den 30. august. Då slepp ho og bandet ein heilt ny låt.
Foto: Kathrine Ween
Sofia Loise kjem til lunsjkonserten den 30. august. Då slepp ho og bandet ein heilt ny låt. Foto: Kathrine Ween

LUNSJKONSERT 30. august: Sofia Loise tar med heilt ny låt – mange har allerede tatt ut billett

– Me gleder oss skikkeleg til å komme til Tysværtunet, der me håper og treffe både kjentfolk og mange andre. Me tar med oss ein splitter ny singel.

Det var med stor glede me som arrangerer lunsjkonsertar kunne annonsere at den talentfulle artisten frå Oslo, men med alvorleg kraftig link til Hundsnes-slekta i Skjoldastraumen, ville komme og presentere musikken sin hos oss.
– Og den gleda er gjensidig, for me gleder oss utruleg over å få ein slik sjanse. Me er framleis i startgropa på prosjektet vårt, sjølv om det stadig blir gitt ut fleire songar og speleoppdraga blir fleire og fleire. Sist veke hadde me ein knallkjekk festivaljobb der me faktisk hadde kongeleg besøk av Ingrid Alexandra. Det var stor stas, seier Sofia Loise.
Det har vore mykje skryt og piler i rett retning for artisten det siste året. Stadig fleire lastar ned songane på nett og talet på konsertar har auka. Ros har det blitt og lysta på å satse, ja, den er der for den godt utdanna artisten.

BILLETTAR FINN DU HER: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/gratis-lunsjkonsert-so16mt/

Køyre på
– Det er heilt rett at det har vore ein god periode der det har skjedd ein del på scenar i Oslo og i studio. Av og til renn det ut låtar, så kjem dei klassiske skrivesperrene, før det heldigvis opnar seg opp igjen. Nå har det vore ein kjekk periode, og me har ein ny singel som me slepp til lunsjkonserten. Me synest konsertane er eit så flott tilbod at det sleppet skal dei få, smiler artisten som tar med seg fullt band til Tysværtunet den 30. august.
Det betyr Oscar Bondø, Morten Engebretsen Stokke, Kim André Bjørkesett og Amund Sylte. Eit par av dei har nok ein del høyrt om før, både som musikarar, men også som produsentar.
– For oss var det viktig å komme ut av Oslo-gryta nå. Me håper at ein konsert på Vestlandet kan gi oss fleire oppdrag der i framtida. Det er ein tøff bransje og me veit at me både skal ha flaks og dyktigheit for å komme vidare. Eg ser at det er mange som har spelt lunsjkonsertar som har blitt lagt merke til. Nå håper me sjølvsagt på det same og satsar på å filme konserten, slik at me har noko å sende rundt.
– Korleis er stemninga i musikkbransjen om dagen?
– Det er kanskje litt feil å lodde stemninga akkurat nå når det er festivalar og konsertar over alt. Sommaren er heilt topp. Me har fått spelejobb på kulturnatta i Oslo i september, noko me gleder oss til, og så blir det litt her og der. Trur nok det er slik for mange artistar, seier Sofia Loise.
Musikalsk har ho utdanna seg til å kunne tolke og takle mange sjangrar. Mange tysværbuar fekk med seg ein strålande konsert i Skjoldastraumen kyrkje i fjor, då også faren, tenoren Henrik Hundsnes, var med. Musikken ho kjem med til lunsjkonserten er i ei litt anna gate.
– Ja, dette med båsar og kva type musikk me speler er vanskeleg. Ein del artistar stressar det litt, for dei vil vere popgruppe eller rockeband, eller kanskje tekno. Me speler det me kallar «himmelpop». Lett lyttbar musikk. Nokre låtar litt opptempo, andre meir stille til å lytte til. Tippar at å sitte i storsalen i gode stolar og berre nyte er perfekt.
– Kva type konsertar liker du best å spele?
– Det varierer. Av og til er det kjekt når alle står framme med scena og syng med og dansar. Andre dagar, og til dei rette låtane, er det fantastisk når det er heilt stille og full kontakt mellom oss og dei i salen. Eg tippar det blir mest av det siste på lunsjen, seier Sofia Loise.

Sommaren er heilt topp

Utvikling
Ein av fordelane av å ha eit fast band er at dei kjenner kvarandre godt, tør å utforde musikalsk og slett ikkje er redde for å komme med noko nytt.
– Eg synest me er ein herleg gjeng som utviklar oss saman. Eg kjem ofte med noko nytt, og så tar me tak i det i gruppa. Til nå har det vore både utviklande, men også trygt.
Rundt 150 personar har allereie tatt ut billett til konserten.
– Er det familien?
– Ha, ha, det trur eg ikkje, men dei kjem nok. Håper jo at farmor og onkel Øystein er der, det hadde vore stor stas. Elles har me etter kvart fått spreidd familien utover det meste av landet. Men ein gjeng med familie og venner blir det garantert, og det gleder eg meg skikkeleg til. Eg håper det kjem mange som er nysgjerrige og som likar lett og fengande popmusikk. I tillegg til eit par litt meir tårevåte og tenksame låtar, då. Eg trur me seier det slik, avsluttar Sofia Loise.
Konserten den 30. august er eit samarbeid mellom artisten, Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Konserten er gratis, men ein må ta ut billett på førehand for å vere sikker på å få plass.