Du kan ikkje ha vore i mange bryllaup eller feiringar av runde dagar i Tysvær dei siste 40-50 åra utan å ha møtt på Øystein Østebøvik. Eller kanskje du har sett han spele med eit kor eller ein artist i kyrkja. Forresten, det er han same som både har fått prisar og heidersteikn for arbeidet i Grinde skulekorps. Ja, han ja. Som begynte å spele til glede for folk i 1974 og har notert ned 600 arrangement i avtaleboka si.
Det flotte for oss som likar å gå på lunsjkonsertar er at han er far til ein saueklppar, som også speler trommer, og dei to vokalistane i nå avgåtte Levang, og i høgst oppegåande Kvednabekkjers.
– Det har blitt mange songar og mange jobbar gjennom alle desse åra, og me har lenge spøkt med å spele litt i saman. Nå har me klart det og har rigga oss til med øvingslokale heime i garasjen. Og der speler me songar frå dei svunne tider då «Ola var fra Sandefjord» og artistar som Elvis og Beatles var på topp, fram til i dag der gutane mine Øyvind og Kjetil framleis er aktive på scena. Øyvind som trubadur, medan Kjetil og Kvednabekkjers framleis har spelejobbar for eit stor publikum. Så har det balla på seg og tanken om Lunsjonsert dukka opp, litt på spøk, så litt meir på alvor, seier Øystein Østebøvik.
Billetter finn du her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-tba-d3t5dn/
Vore før
For Øyvind og Kjetil Østebøvik er ikkje lunsjkonsertar noko nytt. Begge har vore med før, begge faktisk fleire gonger, også saman og servert mellom anna Kvednapop av beste Bokn-merke.
– Det hadde jo vore stas om me fire hadde fått sleppe til og tatt ei musikalsk reise med songar frå den gongen pappa begynte som toastmaster og spelemann i bryllaup og på fest, og fram til den musikken me syng i dag. Eg tipper det er mange i salen som vil vere med å synge med på desse songane. Det blir ein historietime på 30 minuttar, seier Øyvind Østebøvik.
Og sleppe til får dei. 18. oktober kjem kvartetten hit og dei lovar ei hitliste med kjende songar som folk har ønska seg gjennom alle desse åra. Under namnet Østebøvikane.
Tysvær Bygdeblad fekk vere med på øvinga sist veke. Ein sjuk Kjetil måtte melde pass, men dei tre andre boltra seg gjennom hits som har prega både bryllaup og hitlister dei siste 50 åra.
– Blir vanskeleg å velje ut berre 10-11 songar, for det har komme så mykje bra musikk som har betydd så mykje for mange. Me ser i dag at det framleis er dei som spør etter dei gamle slagerane, samstundes som dei vil høyre Vamp og Bjørn Eidsvåg. Me er ein musikalsk familie og musikken har alltid betydd mykje. Me har spelt og sunge saman med mange forskjellige songarar, kor og korps i Tysvær, nå er det stas at me kan stå på scena saman som eit band, seier Øystein Østebøvik.
Lov å synge
Dei fire lover å spele songane slik dei blir servert rundt om når dei speler til dans eller på den lokale puben.
– Dette er musikk som det er lov å synge med på, eller berre lukke att auga og mimre. Me merkar det på oss sjølv at minna kjem når me blar i katalogen og speler litt av alle dei songane me har samla på. Det å vere toastmaster og spele i eit bryllaup er med på å prege både festen og stemninga på bryllaupsdagen. Og folk har ofte skrive ein ny tekst til brudeparet og brukt ein kjent song. Ikkje alltid like lett å få dei til å henge saman, men god stemning blir det. Når Øyvind er trubadur og speler for folk i lystig lag, så er det dei kjente og kjære songane dei vil ha.
– Creedens?
– Ja, sjølvsagt. Det er vel litt hån både mot toastmasterar og trubadurar om me ikkje har med ein av dei.
– Blir det vanskeleg å velje?
– Ja, det blir faktisk det. Me har tenkt å ha ein raud historisk tråd, så får me sjå kor det endar. Eg trur at mange vil kose seg fordi musikk alltid speler ei rolle, om det er til fest eller ettertanke. Kjærleikssongar og allsongar finst i alle variantar, så me får gjere eit utval og ta dei med oss til Tysværtunet, seier Øystein Østebøvik.
Konserten med kvartetten Østebøvik er også ei gåve til Barnekreftforeningen og TV-Aksjonen 2024. Ein vil bli oppfordra til å Vippse eit bidrag under gratiskonserten.
To til
Samstundes kan me endeleg sleppe nyheita om at Munor har takka ja til ein ny lunsjkonsert.
– Me kjem med eit konsert som heiter «Marina’s Book of Munor», som ikkje handlar om vår Marina, men som er eit stykke som passar for oss. Me held nå på å samle trådane og kjem med mykje meir info om både stykket og om komponisten, og kanskje ei overrasking knytt til dette om kort tid. Me har takka ja til lunsjkonsert fredag den 15. november. Billettar er lagt ut, seier Bernhard Gismervik i Munor.
Lunsjkonsert nummer 69 i rekkja er julekonserten med Serenity fredag 6. desember. Der har over 200 allereie tatt ut billettar, så det hastar for deg som vil komme i julestemning.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus.
17. januar har me 10 årsjubileum og konsert nummer 70.