Camilla Hatlestad, Evy Fjeldheim og Oddveig Helen Rasmussen tar seg av vokalen i Serenity. Først kan du høyre dei på Verkstaden, så i Tysværtunet.
Camilla Hatlestad, Evy Fjeldheim og Oddveig Helen Rasmussen tar seg av vokalen i Serenity. Først kan du høyre dei på Verkstaden, så i Tysværtunet. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

– Me gleder oss skikkeleg

Serenity har invitert på øving. I desember skal dei spele årets siste lunsjkonsert. Det er ikkje ein billett å oppdrive.

– Me gleder oss skikkeleg og har begynt å øve litt på julesongane. Etter kvart må me plukke ut dei me vil spele i storsalen i Tysværtunet. Det er jo heilt fantastisk at over 350 har tatt ut billettar. Det er litt press på oss, men som sagt, dette ser me skikkeleg fram til, seier Oddveig Helen Rasmussen, Evy Fjeldheim og  Camilla Hatlestad.

I øvingslokalet i Frikirken på Håvik står alt utstyret til bandet rigga og klart. Gitarist Jostein Gismervik og trommeslagar Lars Røthe er på plass. Det same er pianist Olga Darkevich Dybdal.

– Me skal ha ein heilaftan på Verkstaden 1. november, der me også skal ha eit samarbeid med psykisk helse. Der er det kombinasjonen god mat, gode tankar og god musikk som sveisast saman. Me byr på norske låtar, country svisker og andre poplåtar. Å kunne bidra med musikk på ein så viktig kveld ser me fram til. Men me må øve, for me har mange songar me gjerne vil synge når me har konsert, og målet er alltid å komme opp med noko nytt, seier dei tre vokalistane med store og varme smil.

Alt mogleg

Bandet har også spelt andre stadar, mellom anna på Halsnøy, og har ambisjonar langt utover lunsjkonserten i desember. Neste vår og sommar håper dei på meir speleoppdrag, og draumen, ja, den er den same som svært mange andre lokale artistar har.

– Me har vore og snakka med eit par arrangørar og det kan fort bli eit par speleoppdrag til våren og sommaren lokalt. Men draumen vår er å få spele på ein festival, lokalt eller nasjonalt. Me har kvalitetar i dette bandet og songar nok til å kunne vere med på slikt. Sidan me har faste øvingar kvar veke og stadig jaktar på nye låtar, så er me eigentleg klare for konsertar og oppdrag på kort varsel, seier Camilla Hatlestad.

Men det er eit lite men.

– Som ein ser i kveld så manglar me to. Ein er på jobb i Nordsjøen, så litt tid til planlegging må me ha, seier Oddveig Helen Rasmussen.

LIKER DU KULTUR, LES HER: https://tysver-bygdeblad.no/2024/10/16/det-er-her-dei-hoyrer-til/?fbclid=IwY2xjawF8gIlleHRuA2FlbQIxMQABHT02OJRJE0ojRe7fltV8szbFssYRVp0_VPN5uGyxSUlooNSWwZwua_ZtlA_aem_MhKyfgIO4Pfqb_2ADIEDjg

Jul

Nå er det eigentleg jula me var komme til Karmøy for å snakke om. Om julekonsertar og om lunsjkonsertane.

– Det er eit flott tilbod, og me spelte der også i fjor. Det blei fullt hus då me inviterte til ein smak av jul. I år kan me love ein reindyrka julekonsert med eit knippe flotte og fleirstemte julesongar. Sidan me syng i fleire stilartar, kan me variere i ein konsert frå kjende og tradisjonelle songar til nyare julesongar, via ein eller to amerikanske. 

– Blir det fleire julekonsertar?

– Nei, i utgangspunktet gjer ikkje det, om det nå ikkje er ein eller annan som les dette og tenkjar, – hmmm… Serenity hadde vore noko for oss før jul. Me prøvde i fjor, men det er klart at å ha to julekonsertar i ein liten kommune som Tysvær er litt for tøft. Nå nyt me at det blir fullt hus 6. desember, at mange kjende kjem innom og at dette er eit nytt løft for oss, som viser at me beherskar også ein stor scene, seier gjengen i bandet med store smil.

Så blir det plutseleg godlyd i anlegget, Darkevich Dybdahl tel opp og gitarist Gismervik finn fram a-moll og trommeslagar Røthe heng seg på. Vokalistane er inspirerte og kikkar smilande på kvarandre før dei går i gang på kjent vis. Me heng rundt dei ei stund, men dei gøymer unna julesongane til me har satt kursen for Tysvær igjen.

Men i desember, folkens, da skal dei servere oss 30 minuttar trestemt julemusikk i det som er den 69. lunsjkonserten. Det er det mange fleire enn bandet som gleder seg til.

Serenity 2024 er: Oddveig Helen Rasmussen – vokal, Evy Fjeldheim – vokal, Camilla Hatlestad – vokal, Kjell Jostein Gismervik – gitar, Trond Schjølberg – gitar, Kjell Magne Brekkå – bass gitar, Lars Røthe – trommer og Olga Darkevich Dybdahl – piano.