Det var entreprenør Garpestad & Bertelsen som hadde invitert til folkemøtet, mens konsulentselskapet Norconsult og selskapet Pelago som skal drifte det ferdige anlegget orienterte om byggeplanane. Tomta er eigd av det stavangerbaserte familiebedrifta Tarraco.
Dei kunne fortelje at det nå er søkt til kommunen om å bygge kai og sette opp servicebygg i Ramsvik. Staden skal brukast til service for vindindustrien, samt lagring av deler til same industri. Ennå er det ikkje inngått avtale med bestemte selskap, men forhandlingar er i gang, sa representanten fra Pelago, Tor Inge Gran.
Dei møtte ei forsamling som slett ikkje var særleg villig til å ta imot bodskapen om ei anleggstid utan nemneverdige påverknader på miljøet, eller løftet om ein berekraftig næring som skal vere med på det grøne skiftet.
Mange frå bygdelaget i Yrkje og Lindanger hadde møtt opp, og dei hadde førebudd seg godt til møtet med både spørsmål og innlegg frå talarstolen. Dei er redde for at ei etablering på tysværsida av Yrkjefjorden vil styrke industrien på begge sider, sjølv om Tysvær kommune har sagt nei til etableringa av vindturbinbygging på Raunes.
Innbyggarane er svært usikre på om dette berre er starten på ei utbygging som gradvis vil auke i størrelse. Dei meiner at Yrkjefjorden er ein spesiell fjord i Rogaland, viktig på mange område og svært fiskerik. På kvar side av fjorden er det naturreservat som er svært viktige for både dyr og menneske.