Det blei jubel og applaus i salen, inkludert korpssjef Jan Fitjar, dirigent Mari Hauglum Bermingrud og styreleiar Dag Magne Torland. Då det først blei kjent kven som hadde vunne i det store lotteriet til Equinor, som hadde mottatt 3000 søknader, var ikkje Førre musikkorps på lista. Gleda var derfor endå større då Tungesvik undersøkte saka, fekk grønt lys, og ringte til Jan Fitjar for å fortelje at dei var tildelt støtte likevel.
Korpssjef Fitjar har alt fått tid til å tenke over kva pengane skal brukast til.
– Etter covid har me slite med rekruttering til korpset. Desse svært velkomne pengane skal me bruke blant anna for å få tak i fleire nye musikantar til korpset vårt, sa Jan Fitjar då han takka for gåva.