– Alle etatar i kommunen skal spare pengar og få mest mogleg ut av dei midlane me rår over. Slik er det med TK 2030. Me har tatt grep og har fått god respons på det. Men samstundes vil folk merke at det blir endringar også denne sesongen. Mellom anna blir det færre konsertar. Eller det blir litt feil å seie, for me har eit krutsterk rekke med lunsjkonsertar på gang, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Dei siste dagane har programmet for våren på kulturhuset begynt å falle på plass. Der har ein dei fem lunsjkonsertane, men også eit variert og rikt program kor Riksteateret, Lindesnes Trekkspillklubb, Stavanger symfoniorkester og andre gjengangarar er booka, – til mange si glede.
Riksteateret er me skikkeleg stolte og glade for å ha ein god avtale med. I vår kjem dei med to fantastiske framsyningar, «Narnia» og «Lykke til Cathrine Frost». Eg har sett den siste av dei og det er verkeleg noko å få med seg, seier Simonsen.

Øystein Simonsen er tett på det meste som skjer i Tysværtunet. Her i samtale med Hans Morten Hansen
Fest
Lindesnes Trekkspelklubb har i år 35-årsjubileum og den festglade gjengen frå det blide Sørlandet har to konsertar i Tysværtunet.
– Det er allereie tatt ut over 500 billettar til desse to konsertane. Den dagen dei besøker oss boblar det over av positiv energi på huset. Det er noko heilt spesielt, både med dei som speler, men også med publikum. Mange har reist langt for å høyre orkesteret spele.
Me skal også sleppe til to litt meir lokale framsyningar, begge med regi av Rune Bjerga. Henning Aarekol har hatt stor suksess med si framsyning «Menn har også følelser». Den har me jobba litt med for å få til oss. Så kjem ein utflytta tysværbu, Øyvind Alsaker, som nå er prest i sørfylket, saman med to kollegaer og skal ha framsyninga «La oss alle be». Det er ein sceneversjon basert på deira muntre podcast. Om me gleder oss? Gjett, smiler Simonsen lurt.

Riksteateret er innom kvart einaste år med fleire framsyningar. Her frå i fjor då mellom anna Sven Nordin besøkte Tysværtunet og serviceleiar Helga Haugsnes Borgen.
Variasjon
Men kulturhuset er meir enn berre store arrangement i storsalen.
Det er full fart eigentleg kvar einaste dag. Utover vinteren og i vår skal me ha dans med LHL, UKM, open dag om laurdagane, stor aktivitet i idrettshallen og i symjehallen. Senioruniversitetet er ein suksess, og det er eigentleg vanskeleg å ramse op heile programmet.
– Korleis er det med tilbakemeldingar?
– Det er svært mykje ros å få, men det betyr mykje at me har eit så variert program, om ein tar med alt. Mange har nå sitt faste treffpunkt på huset og skaper nye aktivitetar heile tida. Dei frivillige er her, lag kjem til oss, og så krydrar me det.
– Ønsker frå publikum?
– Det kjem alltid nokre ønsker. Spesielt når me som jobbar er så tilgjengelege og treff våre brukarar så tett på.
– Største ønske så langt?
– Litt usikker på kva eg skal svare på det, men ein gong, rett nok for ein del år sidan, var det ein som meinte me burde få tak i Bon Jovi. Ambisjonar skal me ha, men dei kjem nok aldri hit.
– Travel kvardag?
– Ja. Me har det siste året også bytta ut ein del av avdelingsleiarane her på huset, fått på plass nye og dei skal inn i ein hektisk kvardag. Det er utruleg mange hundretusen som skal ut og inn gjennom dørene her i løpet av det neste året. Det set me stor pris på, men travelt er det og viktig å kunne by på noko for ein kvar smak. Og til hausten kjem alle festivalane våre. Mykje å glede seg til, avsluttar ein travel Øystein Simonsen.