Me skal tilbake til november i 2014 og eit møte me har med Tom Roger. Han har det eigentleg ganske travelt fordi han skal gjere ferdig ein turné der han allereie har spelt i bibliotek i Nord-Norge. Så viser det seg at langs vegen har han spelt lunsjkonsert for kommunalt tilsette i Fauske. Midt på dagen ein fredag og med nesten fullt hus.
– Eg hugsar den konserten, for eg syntest det var eit så lurt påkomme tilbod. Dei inviterte nokon til å spele eller lese ein gong i månaden. Kanskje eg fortalte dette til Bygdebladet, for det gjekk ikkje så lenge før me var i kontakt igjen, seier Tom Roger Aadland.
– Korleis kan me få dette til, lurte me på den gongen.
– Eg trur at det er svært mange lokale artistar som treng ei scene der ein kan presentere seg sjølv og den musikken ein jobbar med. Det er nesten ingen stader igjen der ein slepp til. Så sjekk ut om det er plass på Senteret eller kulturhuset, var rådet me fekk.

Første song i det som denne fredagen rundar 70 konsertar på 10 år. Tom Roger Aadland i kafeen. Lydmann den gongen var Håvard Rasmussen. Det er det også i 2025.
Kulturhuset
Det blei kafeen på kulturhuset som skulle bli «vår» arena i starten, og Aadland var så gira at han sa ja til å spele på den aller første konserten den 15. januar i 2015. Rett rundt 50 personar dukka opp. Ramma rundt det heile var enkel. Aadland blei intervjua kort før konserten og spelte i 30 minuttar. I kamp med lyden frå fleire kjøleskap klarte han å skape magi også den gongen.
– Eg trur at det ein har fått til gjennom ti år og 70 konsertar er unikt. Samarbeidet mellom artistane, Bygdebladet og kulturhuset er imponerande. Eg er svært glad for å bli invitert tilbake, denne gongen til ein fullsett storsal. Og at eg skal få spele saman med Munor, som eg ikkje har spelt med på åtte år, er ekstra stas, seier Aadland.
Stort oppmøte og litt kaos gjorde at lunsjkonsertane etter kvart måtte flyttast til galleriet. Men då over 300 ville høyre julejazz med Espen Eriksen og Gunnar Halle, var strikken for lengst strekt til det maksimale. Ein pandemi blei redninga.
– Då fekk me god tid til å tenke lurt. Under pandemien var det umogleg å arrangere noko som helst, men mot slutten fekk me arrangere enkelte framsyningar med registrerte publikummarar i salen. Då fekk me ideen om å flytte lunsjkonsertane inn i storsalen, noko som har vist seg å vere ein stor suksess. Me har hatt fleire konsertar med fullt hus og 375 frammøtte, og me har hatt mange konsertar med mellom 200 og 250 tilhøyrarar, noko som for mange av artistane er eit tal dei neppe vil møte igjen, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
Konserten i morgon med Tom Roger Aadland var fullbooka med ein gong og det minkar alvorleg på billettane til dei to siste denne våren, nemleg brørrne Ohm og Howdy.

Espen og Gunnar si skuld. Espen Eriksen og Gunnar Halle har spelt både i storsalen og foajeen. Det var då dei trakk 300 i gangen det måtte gjerast grep.
Travelt
På scena denne jubileumslunsjen står altså ein av Haugalandets aller mest populære visekunstnarar. Med sine eigne låtar og ikkje minst Bob Dylan tolkingar, har han etter mange år langs vegen fått den heider og æra han fortener.
– Eg har lært at å spele for ti eller 400 ikkje er så stor forskjell. Ein må levere, vere ærleg med det ein driv med, og så vil ein kanskje få suksess. Dei seinare åra har eg halde fram med å spele på små plassar samstundes som eg har spelt i dei store kulturhusa. Kvar enkelt som kjem betyr mykje for meg, seier vikebygdingen.
Og kor han kjem ifrå har han aldri gløymt.
– Nei, eg likar meg her på Vestlandet. I fjor var eg så heldig å få spele for Kongen og dronninga i Ølen, og eg fekk spele heime i Vikebygd og i både Haugesund og Tysvær. Det er som om desse stadane kler musikken min på ein god måte. Det har også noko å seie at det er mange kjende i salen. Eg brukar å jobbe med musikk og gi ut plater jamleg. Nå er eg i gang med eit heilt nytt album, så får me sjå kva tid eg slepp det. I Tysværtunet speler eg ein del av mine mest kjende songar i spennande arrangement med Munor. Eg ser verkeleg fram til å få vere ein del av feiringa. Tenk at ein lunsj på Fauske skulle få så mykje å seie då, ler Tom Roger Aadland.

Andreas Petersson er ein av dei som både har spelt solo med band og for andre.