– Dette samarbeidet på tvers er berre ein av fleire gode grunnar til at me er svært nøgde med å endeleg kunne invitere til ein kveld spekka med god mat og drikke frå Italia. Maten laga og servert av framtidas kokkar frå Karmsund og med mentor og Italia-venn Geir André Sjursen på laget. Me som til dagleg driv catering og kafeen her på Tysværtunet har ein draum om å ha faste innslag på programmet, slik at tysværbuar og andre kan nytte huset også til kulinariske opplevingar. Det har det vore alt for lite av, og nå testar me ut dette konseptet, seier Oddvar Brekke i GP Café.
Drøymen om meir mat og kos på kulturhuset har han hatt lenge, men nå set han litt trykk bak draumane. Med på laget er altså Sjursen, kjend som både kokk, vinekspert og ein Italia entusiast.
– Det som var viktig for meg er at me har fått med dei utruleg talentfulle elevane på Karmsund og læraren deira Audun Moksheim. Kokkelinja på Karmsund har imponert meg mange gonger, med kunnskap og glød til maten dei jobbar med. Det er dei som skal lage mat på restaurantar i framtida og nå får dei kjenne litt på det. Eg skal snakke litt vin og mat frå Toscana og Piemonte, vise litt film og ta meg av den litle biten med kunnskap me ønsker å dele før maten er på bordet. Etterpå blir det masse tid til mat og prat, lovar Sjursen.
Å drive med mat i Tysvær er ikkje lett, så ein må vere kreativ
Typisk
Arrangørane ville ikkje at dette skulle bli ein kveld som skulle svi i lommeboka. Derfor har dei vore kvalitetsbevisste, men også økonomiske i sine val.
– Det betyr klassisk Italiensk spekemat, tagliatelle og Panna cotta for å nemne noko. Som sagt så trur eg at det å skape ein treffstad der ein kan snakke om mat og vin, få smake litt og ikkje minst treffe andre er noko Aksdal også treng. Så då Oddvar tok kontakt og me la hovuda våre saman, så enda me opp med dette programmet, som eg har stor tru på, seier Sjursen.
– Å drive med mat i Tysvær er ikkje lett, så ein må vere kreativ. Her får ein det beste frå eit land som mange likar og kjenner seg igjen i. Maten er kjend og italiensk vin er av det beste slaget. Eg tippar dette både blir en kveld for å mimre om tidlegare turar og ikkje minst skape nye minner. Ein treng slett ikkje ha vore på vingard i Italia eller spist på italiensk restaurant for å vere med. Dette skal vere hygge og kos og ikkje ein fagkveld, smiler Brekke.
– Korleis vil du forvandle Nygaardssalen til en italiensk romantisk restaurant?
– Me har hatt ein del arrangement der kor me har dekka på runde bord og hatt nydeleg lyssetting. Det skal me nok klare denne gongen og. Ein del har allereie sikra seg god plass ved bordet og det skal bli kjekt å sjå om me kan få ein flying start og på eit konsept som me kan tilby jamleg. At me har klart å få med Karmsund og Geir André på laget ser eg på som svært spennande. Eg trur det er ein garanti for at me skal få til ein skikkeleg sydlandsk stemning og i Aksdal, avsluttar Oddvar Brekke.