2F9A1232

Det er viktig å seie ifrå

Valkampen før haustens stortingsval er for lengst i gang og har også nådd Tysvær. I månadane som kjem vil me få besøk av kjende og ukjende rikspolitikarar som vil ha di stemme. Det er fair nok det, det er slik ein samlar blest om eige parti og seg sjølv.
At det er viktig for dei er ein ting, men det er også viktig for oss. Når me får dei på tomannshand så må me nytte sjansen. Sjansen til å fortelje dei korleis me har det, kva me driv på med og kva utfordringar og konsekvensar me får på grunn av sentral politisk styring.
Me har det me kan kalle politiske guidar i Tysvær som har vore med i dette spelet før, som inviterer på bussturar og viser fram både små og store næringsparkar. Som står smilande i døra til bedrifta si med glinsande adgangskort hengande rundt halsen og er korrekt dressa opp frå topp til tå.
Men så har du dei på «gølvet», dei som har bygt opp bedrifta stein for stein, som har møtt veggen fleire gonger, men som på ein eller anna måte har kjempa seg over eller gjennom utfordringane. Som har lukkast, ikkje berre fordi marknaden har venta på dei, men fordi dei har klart å gjere seg så attraktive at dei store rundt om i verda nå ser mot dei små i Tysvær.
Ein av desse er Birger Førre. Han er tidvis i overkant energisk og involvert, og det er mange hattar og stolar å passe på. Han er i ein bransje der pilene absolutt ikkje alltid peiker oppover, men kor tradisjon og solid handverk blir prioritert og er ein suksessformel i ein knalltøff marknad.
For Førre har nok ei evne som gjer han unik. Han klarar med klar tale og enkle ord å fortelje kor skoen trykker. Kva som er utfordringa og kva politikarar sentralt og lokalt bør gripe tak i. Så når stortingspolitikarar kjem innom så jattar han ikkje med, men tar regien og gir dei både ei fysisk omvising i topp moderne lokale, samt ein skuletime i norsk trevare- og skattepolitikk. Det er reine ord for pengane, og det er like mykje gode råd på vegen som kritikk.

Det er inga tvil om at dei folkevalde må treffe slike som Førre, som med klare ord kan fortelje om kor vanskeleg, men likevel inspirerande det er å vere ein liten eller mellomstor bedrift i Norge. Der ein har rom for flyktningar på opptrening, lærlingar og flittige tryllekunstnarar med slipemaskin og kappsag. Som produserer produkt som det ikkje er maken til. Ikkje fordi det er billig og lettvindt, men fordi tradisjon, kvalitet og miljø har noko å seie.
I Tysvær er det fleire som Birger Førre, som heilt opplagt bør få besøk av rikspolitikarar dei neste månadane. Det er flott og heilt greitt å ta ein rundtur i Haugaland Næringspark og på Kårstø-anlegget, – det er sjølvsagt der milliardane ligg i framtida. Men utan alle dei små og mellomstore bedriftene rundt om på Haugalandet vil også dei store slite.
Å fortelje dette i klar tale til litt reiseleie og travle rikspolitikarar, er ikkje lett, men viktig.
Berre spør Senterparti-gjestene som fekk ein heftig time saman med Birger Førre og gjengen på Frakkagjerd sist veke.

Leiar

Alf-Einar Kvalavåg er redaktør i Tysvær Bygdeblad og skriv leiar til kvar papirutgåve. Nå kan du også lese desse på nett.
Har du meiningar, send oss gjerne eit innlegg eller kontakt oss på post@tysver-bygdeblad.no