I samband med landsmøtet tok to av dei lokale SP-politikarane Hanne Marte Vatnaland og Lisa Marie Ness Klungland turen innom vindaugeprodusenten Førre. Der møtte dei Birger Førre som hadde mykje å melde. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
I samband med landsmøtet tok to av dei lokale SP-politikarane Hanne Marte Vatnaland og Lisa Marie Ness Klungland turen innom vindaugeprodusenten Førre. Der møtte dei Birger Førre som hadde mykje å melde. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Engasjert Birger gav politikarane ei bratt læringskurve

I samband med landsmøtet tok to av dei lokale SP-politikarane Hanne Marte Vatnaland og Lisa Marie Ness Klungland turen innom vindaugeprodusenten Førre. Der fekk dei lære mykje på kort tid.

Den engasjerte Birger Førre let seg ikkje be to gonger då Senterpartiet sine lokale representantar ville høyre om vindaugeproduksjon og korleis det står til med dei små verksemdene her i landet.
– Dette er ein tøff bransje som påverkast av mykje me ikkje styrer over. Snittet på vår botnlinje har vore på 1,8 prosent. Det betyr at det ikkje er stort slingringsmonn. Det kjem stadig nye krav og skattar som gjer at mykje av det eg driv med er å handsame utfordringar i staden for å vere innovativ og komme med nye idear, seier Birger Førre til to lyttande politikarar.
Han drog dei to med på ei historisk reise frå den gong då nede i Småje og til i dag i moderne lokale i skråninga over Frakkagjerd.
– Eg skal ikkje dra dette med eigedomskatt for langt, men me kjem svært dårleg ut av dei utrekningane og takseringane som er gjort. Me betaler så mykje og så feil i mine auge at eg nå har tatt dette til retten. Og det blir mot mine venner og kjente i kommune. Eg har vore lokalpolitikar og kjenner til systema og retningslinjene som ein skal jobbe etter. Men dette er ikkje godt nok, det er gjort feil og det vil eg nå prøve i retten, seier ein oppgitt Birger Førre.
Eigedomskatten som for Førre var 125.000 kroner i året er nå dobla. Førre er ikkje aleine om å ta dette til retten, og det er eit spent næringsliv som nå ventar på utfallet.

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2025/04/02/det-er-viktig-a-seie-ifra/


– Null
Hanne Marte Vatnaland spør om kva politikarane seier til næringslivet som nå reagerer slik.
– Me har prøvd fleire måtar å kontakte dei på og har invitert dei til fleire møter. Har vel berre fått napp hos dei tre frå Krf. Som Høyre-mann er det utruleg skuffande og frustrerande, seier Førre.
– Trur du eigedomskatten kan drepe små verksemder? spør Ness Klungland.
– Ja, eg trur det, og me ser det allereie. Botnlinja blir styggare og styggare. Eg personleg brukar å justere løna mi etter overskotet. Slik det er nå har eg minst løn av alle her. Den er så låg at eg ikkje vil snakke om det. Då blir eg endå meir frustrert, seier Birger Førre.


Meir glede
Etter å ha høyrt om, og fått klare meldingar frå Birger Førre, er det ei langt lettare stemning når han tar dei frammøtte med på ein rundtur i toppmoderne lokale for vindaugeproduksjon.
– Wow, dette var stileg, kjem det frå gjestane.
– Her produserer me topp moderne vindauge frå botn av. Me kan lage med alle mål, og me har også måtte utvide nokre av maskinane for å kunne tilfredsstille dei enormt store vindauga som er på moten nå. Men alt startar i denne PC-en. Der blir alle fakta lagt inn og den bereknar om vindauga faktisk kan lagast. Blir det tommel opp, så startar ein der borte i materialhylla og endar der borte med innpakking og utkøyring til kundane, som me har over heile landet, peikar og forklarar Birger Førre.
På vegen til pakkemaskinen blir vindauge kappa og montert bit for bit som i eit stort puslespel.
Spørsmål om grønt skifte, miljøvern, straum og pris blir svara på. Vindaugskarmar blir strøkne over og klemt på. Det er tydeleg at stortingsrepresentantane er interessert.
– Me lagar vindauge som er tettare, toler meir fuktigheit og har ein lengre levetid enn det som er standard nå. Det betyr mindre straumbruk og minder avfall og retur. Det er miljøgevinstar me må kjempe for at politikarane våre skal forstå. I dag er det vanskeleg og dyrt å restaurere gamle hus til å bli eit meir miljøvenleg bygg. Slik burde det ikkje vere. Ein burde vurdert om ein til dømes kunne restaurert bit for bit og fått støtte for det. Mange fleire hadde då hatt moglegheita, seier Birger Førre.


Ungdommar
Også lokalpolitikar Bjarne Vierdal og Kate Elin Østebøvik frå Førre er med på runden.
På spørsmål om rekruttering til bransjen er det Østebøvik som tar ordet.
– Me har sjølvsagt fast tilsette, samt lærlingar og me har tilsette gjennom tiltak. Å få inn ungdommane tidleg og vise dei yrket vårt er viktig. Me har hatt ein del unge som har vore her og hatt det som ein ekstrajobb under skuletida. Då ser me kven som har talent, og dei ser også om det er noko for dei. Me har i tillegg hatt eit samarbeid med Haugaland vidaregåande skule. Birger er flink på denne delen av drifta. Han engasjerer dei unge, seier Østebøvik.
Det har dei siste åra vore ei justering på talet på tilsette i Førre. I dag har 23 personar jobb der, og markanden er heile landet.
– Har du eit tips til oss som me kan ta med oss vidare, spør dei to SP-kvinnene på veg til landsmøtet.
– Eg har ei lang liste, men skal eg komme med eit par, så er det at det må gjerast eit betre arbeid når ein skal krevje inn eigedomskatt. Slik det blir taksert nå så slår den heilt feil ut. Så nemnte eg tilskotsordningar ved restaurering. Den må bli betre for at me får eit skikkeleg grønt skifte og meir økonomiske hus. Det siste er eit lokal hjartesukk. Rett bak oss blir ein ny skule til ein halv milliard bygt med utruleg spennande treinstallasjonar og vindauge. På grunn av reglane fekk me ikkje ein gong levere inn anbod. Det bør ein verkeleg sjå på. Me hadde hatt 100 meter avstand for å levere til det bygget, avsluttar Birger Førre med eit smil.
Etterpå var det to smilande politikarar som summerte opp besøket.
– Det var informativt og gav oss innsyn i ei verd som me ikkje er innom kvar dag. Me er frå Rogaland og kjenner godt til mange av dei utfordringane som Førre var innom. Det var klar tale og det likar me. Flott fabrikk var det også, med imponerande utstyr og kunnskap om tre. Me er godt nøgde, avsluttar Hanne Marte Vatnaland og Lisa Marie Ness Klungland.