John Karsten Hustveit liker det han høyrer frå mellom anna Straumen og Prix. Butikken han driv i Åkrafjorden har tatt grep, er digitalisert og er blitt svært tilgjengeleg for kundane.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
John Karsten Hustveit liker det han høyrer frå mellom anna Straumen og Prix. Butikken han driv i Åkrafjorden har tatt grep, er digitalisert og er blitt svært tilgjengeleg for kundane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Butikk slik kundane vil ha den

Det er kanskje i drygaste laget å seie at alle har fått viljen si, men mange har hatt ei meining om butikken i Åkrafjorden. Men så pass har dei bestemt at butikken er heilt unik.

– Vent to minutt så kjem eg. Eg bur like ved.
– Det er påske og sikkert ein av få fridagar for butikksjef John Karsten Hustveit i Joker-butikken i Åkrafjordtunet.
Som svært mange andre har Bygdebladet stoppa for å sjekke butikken, og ikkje minst for å ta tråden vidare frå Prix i Skjoldastraumen som nyleg snakka halvhøgt om sundagsopen butikk, og på sikt kanskje døgnopen.
– Det synest eg dei skal prøve på, seier ein smilande Hustveit før han held fram:
– Då me starta opp å realisera ideen her inne, så var det litt for at me skulle pusse opp, bli meir kunderetta og kanskje ein lokalmatbutikk for framtida. Me fekk rikeleg med innspel frå dei som køyrde forbi, dei som bur her, har hytte her og ikkje minst alle dei som vil handle på veg heim frå hytteferie på Seljestad eller Vågslid. Dei ville ha ope om sundagar og lengre om kveldane.
– Kva gjorde du med alle desse innspela?
– Me blei sjølvsagt motivert av at så mange brydde seg om oss og hadde idear korleis me kunne bli endå betre. Me reiste mellom anna ein inspirasjonstur til Telemark der ein butikk var blitt delvis digitalisert og var leiande i Norge innan dette. Så kan ein vel seie at me sto ved eit lite vegval. Me måtte investere i kjøl og frys, samt at me ville byte profil til å bli ein Joker-butikk. Så ein lang historie litt kortare – me tok sats og gjorde alt på ein gong. Det er vel berre flisene igjen på golvet som ikkje er bytt ut, ler John Karsten.

Tok val
I dag er det tydeleg at opningstida er utvida, for 07-23 lyser mot oss på veggen. Butikken er delvis digitalisert, og kundane kan sjølv logge seg inn og ut av butikken. Suksessen har vore formidabel.
– Det var ein del ting me var skeptiske til, men frå erfaring har me funne ut at dette fungerer. Me har valt å ha stengt om natta, men alt det andre som me har tatt i bruk har vore ein suksess. Det er lite steling og svinn. Me har lokka til oss nye kundegrupper, spesielt er det kjekt å vite at dei som har dette som nærbutikk kan gjere unna dagens gjeremål, få ungane i seng og gå og handle i butikken etterpå, slik dei gjer andre stadar.
– Kva seier alle turistane?
– Mykje skryt å få og det er sjølvsagt kjekt. Eg er med i reiselivsprosjektet for Åkrafjorden og ein open butikk er ein viktig del av det. Når det kjem folk frå til dømes større byar og møter låste dørar i butikkar og restaurantar, ja, då blir det fort litt dårleg stemning. Men så er det også motsett når dei kjem til opne dører der me kan presentere mykje lokalmat og vår heilt spesielle lokalbutikk, seier Hustveit.

Han fekk til ei god avtale med Norgesgruppen, og har nå ein av Norges flottaste og mest innhaldsrike butikkar når det gjeld lokale matvarer. John Karsten Hustveit viser gjerne fram Joker-butikken sin.

Stein for stein
Prosjektet, om ein vil kalle det for det, for det er lagt stein for stein, og Hustveit er heilt klar på eit par ting.
– Skal ein lukkast med slike prosjekt som dette, så må ein ha eldsjeler i butikken, folk som tør tenke litt nytt. Ikkje minst speler kommunen og dei som styrer ei viktig rolle. For all del, bruk oss gjerne som modell, for dette er ein butikk og eit prosjekt mange veit om og kan sjå kva er for noko. Det er ikkje hokus pokus, men hardt arbeid og stor tru over tid. Når ein lukkast, så er det heilt fantastisk.
– Kva tenker du om bygder som Nedstrand og Skjoldastraumen?
– Det køyrer heilt klart fleire bilar forbi her enn der, men som eit viktig tilskot for lokalbefolkninga og hyttefolket er det heilt på sin plass. Eg trur faktisk dei også der kan skape noko heilt unikt. Hjelpemidla ligg der med ein digital grunnmur ein kan bygge noko tilpassa stort oppå. Og erfaringar har me her lokalt. Me har framleis mange arbeidsplassar i butikken, men jobben er annleis enn før. Og stemninga her, og ikkje minst omdøme, det er verd mykje slit, smiler John Karsten Hustveit og tuslar heim igjen etter å ha marknadsført Åkrafjorden nok ein gong.
Det ser faktisk ut som om han elskar jobben sin.