Dei minste naturuttrykka er ofte dei mest talande
Dei minste naturuttrykka er ofte dei mest talande FOTO: Marit Tvedt

Det aller enklaste

Bekymringar er noko herk. Og for å referere ein tidlegare kollega av meg så er bekymringar feil bruk av fantasi. Det er eg faktisk heilt einig i, – men derfrå til å legga dei frå meg er eit stykke veg å gå.

Eg har lest at det er kroppen sin reaksjon på fare som skrur på alarmen som frigjer adrenalin som set oss i stand til å flykte eller fighte. Denne refleksen var heilt nødvendig den gongen me farta rundt på savannen og trengte eit varslingssystem for å unngå å bli eit altfor lett bytte for løver og sjakalar. Spørsmålet er om me treng alarmklokka like sterkt i dag, for dette systemet verkar omtrent som den gong.

Når ein kjenner det bit i magen går det an å rasjonalisere frykta, seie til seg sjølv at dette ikkje er så farleg. Sjølv har eg ikkje vore så heldig med denne strategien, – når adrenalinet raser rundt og både lyd- og lyssignal blinkar og hyler, slit eg med rasjonaliteten. Sjølv om det berre er ein bagatell som er årsaka.

Det må nemnast at ikkje alle er like lettskremte som meg. Eg kjenner folk som kan stå i kriser der dei reagerer med å heve augnebrynet og eit så vidt høyrbart usj slepp over leppene. Eg innser at den reaksjonen kan vere fake, men likevel…

Sjølv ravar eg ikkje akkurat rundt som ein galen dersom noko ubehageleg streifar tankane mine, men hjartefrekvens, puls og mage reagerer uavhengig av fornufta. Det er det sympatiske nervesystemet som set i gang desse prosessane, seier dei. Eg vil heller kalle det det usympatiske nervesystemet. For gudhjelpemeg så mange gonger eg har vore i alarmtilstand utan at det har vore den minste grunn til fare.

I lys av erfaringa som kjem med åra, ser eg at eg har roa meg. Eg har lært å nytte meg av enkle metodar, blant anna korleis ein kan puste seg til ro. For ikkje så lenge sidan lærte eg om vagusnerven, som er hovudnerven i det parasympatiske nervesystemet. Ved å bruke pusten til  å påverke vagusnerven, kan ein roe ned kropp og sinn, blir det hevda. Eg er nysgjerrig nok til å sjekke ut om teorien er gyldig, og har faktisk opplevd at den hjelper meg til å sove.

Den aller beste medisinen for meg er likevel naturen, anten det nå er hav, skog eller fjell. Det aller næraste og enklaste er å sitte i den vesle hagen min ei tidleg morgonstund. Naturen har også ein pust som bringer meg i harmoni med meg sjølv og verda.