Serenity har to gonger på rad fylt storsalen i Tysværtunet til lunsjkonsert. Nå inviterer  dei til  konsert i Aksdal Kyrkje.
Serenity har to gonger på rad fylt storsalen i Tysværtunet til lunsjkonsert. Nå inviterer dei til konsert i Aksdal Kyrkje. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

Byr opp til full konsert

Serenity har spela for full sal til lunsj i Tysværtunet to gonger. Nå byr dei på ein heil konsert i kyrkja.

Dei tre solistane Oddveig Helen Rasmussen, Evy Fjeldheim og Camilla Hatlestad har fått mykje skryt både for country- og julesongtolkingane dei har servert under lunsjkonsertane. Totalt har over 700 fått med seg bandet dei to gongene dei har vore gjester i storsalen. Men der slepp dei berre til med ein halvtime.

– Det ville me gjere noko med og inviterer neste sundag til ein heil konsert kor me kan spele og synge alle songane me er glade i. Og det er eit rikt repertoar. Det er kjekt å spele til lunsj, men me trur at mange kunne tenkt seg litt meir, og det skal dei få, lovar Evy Fjeldheim.

Saman med bandet Kjell Jostein Gismervik – gitar, Kjell Magne Brekkå – bass gitar, Lars Røthe – trommer og Olga Darkevich Dybdahl – piano, jobbast det nå på spreng med å få på plass dei rette låtane. På norsk og engelsk, kjent og meir ukjent.

Camilla Hatlestad og Evy Fjeldheim er klar til å ta imot publikum i Aksdal.

Håp

– Me gjer dette fordi me liker å synge og fordi me vil ri på den gode bølga me opplevde under julelunsjen i desember. Då høyrde me at det var ein del som var skuffa over at dei ikkje fekk tak i billettar. Det skal dei få nå og me har lagt oss på ein rimeleg pris. Det aller viktigaste er at me kan treffast og nyte god musikk saman før sommaren kjem for fullt, seier Fjeldheim som håper på fullt hus og god stemning i Aksdal kyrkje.

Ho fortel også om store forventningar til det nye anlegget som kyrkja har fått og som nettopp er testa ut.

– Det gleder me oss stort til å prøve, for med fullt band er lyden viktig. Me har eit par rolege songar mellom anna av Trygve Skaug og Ronan Keating som me håper at dette anlegget vil sørge for blir ei stor oppleving. Det same håper me sjølvsagt at eit par av country-låtane me speler vil gi og.

– Kva erfaring har bandet gjort på dei spelejobbane de har hatt?

– Me har spelt ein del plassar der det er små lokale, men nå har me alle sjansar til å utfalde oss. Me er så heldige at me har fått ein del faste publikummarar og nå håper me sjølvsagt både dei og venner av dei tar turen. Dette må da blir årets konsert, smiler Evy Fjeldheim lurt.

– Likar best å synge

Det kan kjøpast billettar i døra, men det stressar songaren litt.

– Ja, om det skulle vise seg at mange vil komme så kan det fort bli litt kø. Så spør du meg så ville eg kjøpt på førehand. Men huff, dette er litt vanskeleg for oss. Me er vant til at andre tar seg av slikt. Me liker best å synge, avsluttar Evy Fjeldheim som saman med resten av bandet gler seg stort til å invitere til sommarkonsert i kyrkja.