Etter mange år som «Frolin», kjent for stemningsfull ambient- og neoklassisk musikk, tar han nå steg i ein helt ny retning, og det kjem etter planane meir gjennom året.
Den nye låta, «Can’t Accept Just Yet», er eit nytt samarbeid med den amerikanske psykiateren og forfattaren Bill O’Hanlon og vokalist/produsent Rob Alley frå Nashville. Resultatet er ein miks av pop, rock, EDM og stødige vokalharmoniar. Det let bra og det er musikk som gjer at ein lyttar og nyt samstundes. Lindanger er opptatt av kvalitet i alle ledd og det ber songen preg av. Det er ikkje mykje som er overlate til tilfeldigheita.
Dette unike samarbeidet har Lindanger dyrka ei tid. Han lagar melodien og sender den til USA og får teksten i retur. Så blir alt spelt inn i studio i Slåttevik.
Det er litt vanskeleg å plassere songen direkte i pop-båsen, men det gjer neppe noko. For sjølv forklarar han inspirasjonen på denne måten.
– Eg hentar inspirasjon frå pop, rock, EDM og litt disco. Målet er å lage musikk som både engasjerer og treff breitt.
Som me skreiv sist han var på banen med det som då var si første poplåt, er dette noko du bør få med deg. Kanskje litt annleis enn det du vanlegvis har på spelelista, men absolutt noko du bør finne plass til.
«Can’t Accept Just Yet»
Singel
Frode Lindanger
Skrevet av Frode Lindanger og Bill O’Hanlon
Vokalist/produsent: Rob Alley
Alle instrument: Frode Lindanger
Utgitt mai 2025