Tysvær hagelag inviterer årleg til marknadsdag i starten av juni, og sidan det er eit godt samarbeid med Vepro tener begge på dette. Då kjem både medlemmer og meir perifere interesserte for å sjå kva som er å kjøpe av spennande planter.
Til alt overmål skein sola denne ettermiddagen, og då blir slike hagefolk ennå meir yre etter å plante nytt og gjerne finne akkurat den planten som manglar i samlinga.

Det var mange som skaffa seg nye vekster til hagen. FOTO: Picasa
Inntekter
– Mange av dei som kjem har med seg planter som dei har dyrka sjølv. Me tar imot dei, set pris på dei og sel dei vidare. Det blir ei fin inntektskjelde for oss, seier leiar i hagelaget, Astrid Næss Strømø.
Det mangla ikkje på tilbod av alle slag. Her kunne entusiastane kjøpe staudar, sommarplanter, mat- og krydderplanter, til og me tre var det i mylderet.
Ikkje nok med det ..
Slike marknadsdagar er ikkje berre handel, det er også å møte folk, slå av ein drøs, sette seg ned og få seg ein kaffikopp, ei nysteikt vaffel eller eit kakestykke. Og radlet gjekk i kafeen, både inne og ute i solskinnet. Utandørs vaffelpresse med Trygve Vinnes som operatør klarte så vidt å fôre køen med nysteikte varer.
Også Vepro kunne melde om godt sal av sine spesielle og handlaga produkt.

Mat må ein ha, og vaffelpressa til Trygve gjekk nok meir enn varm denne fine ettermiddagen.
FOTO: Marit Tvedt
Baklukesal
Som i fjor var det anledning til å komme med varer som er til overs, – eit såkalla baklukesal. Det var færre enn i fjor av denne sorten, men eit par seljarar hadde rydda på loft og i kjellar og ville dele «skattane» sine med andre – til ein billig penge.
Det blei eit vellukka arrangement på mange måtar, og heilt sikkert nokre kroner i kassa til eit svært så oppegåande og ivrig lokalt hagelag.