Plata «Himlengt› er ei samling av 12 eigenkomponerte låtar der trioen med Oddvar Helgeland, gitar, vokal, Knut Edvin Norbotten – vokal, pedal steel, mandolin og Per Steinar Norbotten på gitar, vokal, munnspel boltrar seg innan det som må kallast ei salig blanding av pop, country og viser.
– Me er endeleg i hamn og meir enn klare for konserten i Tysværtunet. Utruleg kjekt at det blir fullt hus, for dette er ei plate, og ein konsert, me har brukt mykje tid på. Å plukke ut 12 songar og la dei ligge i fred når me trudde dei var ferdige er ikkje lett, ler Knut Edvin Norbotten.
For det viser seg at ting tar tid også i musikkbransjen.
– Det var utruleg mykje som skulle på plass. Me har aldri tenkt på cover og layout, og me måtte som sagt også velje i låtane me har laga. Men nå er alt klart og det var stort å opne eska med LP-ane oppi. Då fekk me igjen for alle timane. Dei som har høyrt plata har vore nøgde, og til lunsjkonserten har me plukka ut eit solid utval.
– Har du lært noko gjennom prosessen der er å gi ut ei fysisk plate?
– Me har gitt ut CD-ar før, men å vere med på comeback’et for LP er ekstra stas. Eg er av dei som elskar å sette på ei plate, slappe av og høyre på ei side om gongen. Har også ein gamal spelar på hytta og det er heilt spesielt. Men eg har lært så mykje meir enn at det er mange detaljar bak ei slik utgjeving når ein skal gjere alt sjølv. Og då meiner eg mykje, seier Norbotten.
LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2025/06/12/ei-lengt-etter-si-eiga-lp-plate/
Lokalt
Plata inneheld 12 originale låtar, skrivne på norsk. Med røtene godt planta i Tysvær og Haugesund, serverer Howdy ektefølt og jordnær musikk, krydra med varme melodiar og sterke tekstar. Bak bandnamnet finn me ein trio med breid erfaring frå mellom anna Okersol, og med lidenskap for musikk.
– Howdy har i ei årrekke levert stemningsfull musikk i grenselandet mellom country, visesong og americana. Med det nye albumet tar me steget litt vidare og går fullt og heilt over til norske tekstar, noko som me trur bringer låtane enda nærare oss sjølv i bandet, men også publikum.
– Kva tema er det i dei nye songane?
– Dei nye songane handlar om livet, lengselen, kjærleiken og kvardagen – med ein særeigen Howdy-vri.
– I presseskrivet står det «med harmonisk samspel, karakteristiske stemmer og akustisk varme»…
– Nesten som me skulle ha skrive det sjølv, ler Norbotten som meiner at konserten i Tysværtunet vil gi eit svært godt bilete av kor bandet står i 2025.
Steinar Norbotten tar seg av vokalen på to av låtane, medan Knut Edvin tar seg av resten. Alle tre i bandet har bidratt med tekstar og melodiar.
Lunsjkonserten i Tysværtunet er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. I anledning platesleppet har bandet fått ti minuttar ekstra til å presentere den nye musikken.