Me byr på fire lunsjkonsertar denne hausten. Revehiet, Østebøvikane, Eivind Jul og til slutt Lars Johannes Liknes.
Me byr på fire lunsjkonsertar denne hausten. Revehiet, Østebøvikane, Eivind Jul og til slutt Lars Johannes Liknes.

Lunsjkonsertar hausten -25: Me byr på fire ønskereprisar

10. oktober startar Revehiet opp lunsjkonserthausten, og fram til jul har me fire spennande artistar på menyen.

Denne hausten har Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus gleda av å innfri nokre av dei mange ønska me får. Det blir fire band og artistar som fleire har spurt etter, og som alle har takka ja til ein ny runde i storsalen i kulturhuset.
Revehiet med Oddbjørn Austevik, Kjersti Tingelstad og Andreas Petersson i spissen serverte ein lekker konsert i fjor, som ein hyllest til TV-aksjonen.
– Me har kjempelyst til å komme tilbake og gleder oss til å presentere både ny og litt eldre musikk på konserten. Me har sidan sist hatt ein del konsertar, og me gleder oss til servere dette til dei som kanskje ikkje har sett og høyrt oss før, seier bandet.
Singelen deira «Aldri tilbake» fekk ein strøken femmer i Bygdebladet då bandet slapp den.

Me byr på fire lunsjkonsertar denne hausten. Revehiet, Østebøvikane, Eivind Jul og til slutt Lars Johannes Liknes.


bLEST
For mange år sidan var det alltid plass til ein lunsjkonsert eller ein lunsjpart under litteraturfestivalen bLEST. Og nå skjer det igjen med ingen ringare enn Østebøvikane på scena. Ørjan, Kjetil, Øyvind og Øystein Østebøvik tok salen med storm då dei debuterte som band på lunsjkonserten i fjor. Det er berre å slå fast med ein gong; at så mange ønsker som me har fått om å få dei tilbake, har me aldri før opplevd.
Dei kjem til lunsjkonsert 7. november og det blir for første gong ein utvida lunsj med en liten prat i forkant om kva tekstene har betydd for populærmusikken.
– Utruleg kjekt at folk vil ha oss tilbake. Etter lunsjkonserten sist har det tatt heilt av, og me har hatt mange speleoppdrag. Det viser at folk liker dei gode, gamle slagarane miksa saman med ein del nytt. Me gleder oss til å vere ein del av bLEST, og ikkje minst få spele på den store scena i kulturhuset igjen, seier Øystein Østebøvik.

Jul
21. november blir det eit spennande gjenhøyr med det multimusikalske fenomenet Eivind Jul. Han har fleire gonger spelt lunsjkonsert med forskjellige gjestar på scena. Denne gongen vil han invitere med seg eit nytt knippe, og byr på alt frå nytt materiale til gamle hits, også med ein hint av jul.
– Dette er jo heilt topp. Det nærmar seg jul då, så eg får vel ta med litt god julestemning innover også, seier Eivind Jul Wibe Fiksdal som akkurat nå er singelaktuell saman med bandet Ingenting og låta «Helvete Så Bra».

Julelunsj
Denne sesongen rundast av med lunsjkonsert nummer 75 og Lars Johannes Liknes. Han er ein kjent musikar og alt mogleg mann innan korps, vokalgruppa Embla, Rustne horn, kyrkjejazz og mykje meir.
– Eg tek utfordringa og inviterer med meg eit knippe musikalske venner. Så får me sjå kva det endar opp med. Desember er ei travel tid, men det er unikt å få ein slik moglegheit i Tysværtunet, så den tar eg på strak arm. Det blir ein skikkeleg miks av mykje av det eg liker. Så får me sjå kven det passar for fem dagar før jul. Variert og bra, det kan eg love at det blir, seier Lars
Johannes Likens.
Øystein Simonsen er kulturhusleiar og ser fram til fire varierte og spennande lunsjkonsertar denne hausten.
– Me er alltid spente på kven det passar for. Desse lunsjkonsertane har fått mykje omtale og er eit stort pluss både for oss som kulturhus, med dei ringverknadane det har gitt oss, men også for samarbeidet me har vist det går an å gjennomføre med Bygdebladet. Det at me i saman kan utfordre lokale artistar til å gripe sjansen på ein lunsjkonsert, trur eg er vinn-vinn både for dei og oss. Formålet med konsertane er at artistar som skal promotere seg sjølv, eller som treng eit skikkeleg kick off i karrieren sin, skal kunne sleppe til. Det har resultert i 71 konsertar så langt, og me ser framover og håper på spennande betjentskap også i neste sesong, seier Simonsen.
Billettar til konsertane, som altså er gratis, men må tas ut, blir lagt ut om kort tid.

Lunsjkonsertar

10. oktober – Revehiet
7. november – Østebøvikane
21. november – Eivind Jul og venner
19. desember – Lars Johannes Liknes og musikalske venner