– Eg har ikkje deltatt på alle dei 74 løpa til nå, men eg har faktisk over 70. I år er eg dessverre ikkje aktuell, seier Sverre Aksland.
– Eg har ikkje deltatt på alle dei 74 løpa til nå, men eg har faktisk over 70. I år er eg dessverre ikkje aktuell, seier Sverre Aksland. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg

75. gong med blod, sveitte, tårer og gode minner

Tysværtrimmen såg dagens lys i 1980. Snart arrangerast trimløpet for 75. gong.

– Eg vil tru at det var viktig både for klubben og alle oss som sprang rundt og trena at det blei eit eige løp også i Tysvær. På og rundt idrettsanlegget på Frakkagjerd var det gode moglegheiter og mange forskjellige trasear blei nytta dei første åra. Eg har ikkje deltatt på alle dei 74 løpa til nå, men eg har faktisk over 70. I år er eg dessverre ikkje aktuell, seier Sverre Aksland.

Han er ein av dei som sprang i det første løpet og ein av dei som stolt kan seie at han har nesten alle under løparvesten. Ein utruleg prestasjon av milslukaren som nå bur i Aksdal.

– Tysværtrimmen fekk raskt eit godt rykte på seg for å ha ei variert løype, med litt opp- og nedover bakkar. For dei av oss som trena til maraton, så var dette perfekt. Seinare kom det til fleire av dei aller beste lokale løparane som Karl Johan Rasmussen og Urige Buta. Eigentleg har alle dei beste på Haugalandet ein eller fleire gonger vore med. Det er stas, seier Aksland.

Endring

Han hugsar ein del av dei som deltok i det første løpet, og ser at ein av dei argaste konkurrentane var Ola Lie frå Nedstrand.

– Han var ein knallhard konkurrent også når me sprang maraton. Han har vel eitt minutt betre tid enn meg der, men nå er det for seint å slå den tida. Men når ein ser på lista så ser ein mange kjende namn som prega trimløp på Haugalandet i mange år, både før og etter år 2000. Eg er glad eg er med på den aller første lista, for dette løpet har på mange måtar vore viktig for meg, seier Sverre Aksland.

Etter kvart blei det mange aktive løparar å sjå mellom dei mange mosjonistane. Deltakartala var stabile på godt over 100, og langt over det i toppåra.

– Men så kom det ei endring. Alle løp fekk ein nedgang. Heldigvis har ein klart å restarte Tysværtrimmen, seier Aksland.

Tebakeglimt. Finshus og Rossehaug i eit tidlegare løp i 2009. FOTO: Arkivet/Alf-Einar Kvalavåg

Stuparen

Ein av dei som har vore med på denne prosessen er Thomas Finshus. Kanskje den mest kjende løparen i arrangørklubben Stegaberg. Kjennemerke er å gi alt kvar einaste gong, for så å stupe over målstreken.

– Det har blitt ein del løp og nå ser eg fram til å prøve ut årets trasé. Eg har brukt løypenettet på Frakkagjerd i alle år i trening, og det er flott terreng å springe i både for oss aktive og dei som berre vil trimme. Og det er nettopp det Tysværtrimmen skal handle om. Det skal være eit tilbod frå dei aller yngste til oss som har sprunge nokre år, seier Finshus.

– 75. gong, det er litt spesielt?

– Ja, det synest me og derfor går me breitt ut og inviterer til ein flott løpsfest på idrettsanlegget i år. Hadde jo vore stas om ein del av dei gamle veteranane kom, om ikkje anna enn for å heie på dagens utøvarar. Det er 45. året, og grunnen til at det er 30 fleire løyp enn år, er at dei starten hadde løp både om våren og hausten. Når det gjeld rekordar så er det vanskeleg å ha heilt orden på det, for løypene har blitt endra svært mange gonger. Nye bustadfelt og vegløysingar har gjort at me har måtte legge om. Men den løypa me har i år som går gjennom Nappatjørn, via Gamlevegen og tilbake til Hamrane og Frakkagjerd er me svært nøgde med. Den er omlag fem kilometer og fin både til å jogge og gå.

Betydd enormt

– Er du klar?

– Ja, eg skal springe, men både eg og Vivian Kyte er med og arrangerer, så får me sjå om me spring i funksjonærløpet eller om me lurer oss med på laurdagen. Eg synest det er litt kult at me har klart å halde liv i eit løp i så mange år, og ikkje minst framleis kan snakke med og høyre historier frå dei som var me dei første åra. Eg trur Tysværtrimmen har betydd enormt for friidretten i Tysvær og på Haugalandet, seier Finshus.

Det var 1. mars i 1980 at den aller første Tysværtrimmen blei avvikla. Thomas Hillestad frå Avaldsnes var ein kjend løpar på den tida, og var raskast gjennom dei 10,5 kilometrane som var den første løypa. Tida var 37,38.

Kven som vinn det 75. løpet den 20 september, er heilt ope.