Paul Hansen er ute med ny singel som lovar godt for eit nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Paul Hansen er ute med ny singel som lovar godt for eit nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Paul Hansen gir gass

Til neste haust kjem det ei soloplate frå Paul Hansen. Før den tid skal han servere nokre av songane som blir med der. Sist var det «Lov meg», nå er det «Flyt».
Og berre så det er sagt med ein gong. Dette er ein meir rocka Hansen enn på lenge. Det svingar skikkeleg, og det aldri eit minus når det står ein haugesundar ved namn Kjetil Steensnæs bak gitaren. For dette er stilreint gitarspel og så elegant at det berre er å spele om og om igjen.
Teksten skal handle om å reise seg etter eit nederlag, kjærleik, må vite. Men når det er Paul Hansen som serverer, så er det stemmen og samspelet mad bandet som kjem i fokus. Som det var i Vamp og Blest, og som det er nå. For det er drivande og det lar deg sveve med på ein måte som gjer at ein vil lytte meir. Hansen har ein fantastisk popstemme som absolutt bør sleppast fri. Utfordringa fram til LP’en kjem er å få eit spenn i låtvalet, men der er han på god veg. Likevel så krev ei så fantastisk stemme også fantastiske låtar og gode musikarar. Der har han tidlegare kunne velje fritt. Nå blir det spennande å sjå kva retning han vel.
«Flyt» er uansett eit steg i ein litt ny retning, og ei retning i alle fall eg set pris på. Berre legg merke til den elegante starten på «Flyt» der Hansen går frå og synge på lette gitarriff før han tar i og gir Steensnæs sin gitar kamp om plassen i verset. Det er pop/rock kunst på høgt nasjonalt nivå.
Kanskje litt for teknisk utført til å blir den store allsongen, men som noko å skru opp lyden på anlegget til, er det absolutt.
Det er berre å glede seg til neste låt.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 6

Flyt
Paul Hansen
Singel
Tekst/musikk: Paul Hansen
Musikarar: Paul Hansen, Torstein Lofthus, Kjetil Steensnæs, Marie Ossum og Henning Hansen.
Utgjevar/label: vulgatarecords
Produsert av: Ronny Graff Janssen