Lunsjkonsertaktuelle Eivind Jul kan spele på mange strengar. På sin nye singel har han fått med seg rockerane i «Ingenting» – og det er slett ikkje dumt.
For saman serverer dei ein opprocka og svært så lyttbar singel med tittel «Helvete så bra», kanskje ein setning som blir brukt meir på sørsida av fjorden enn her hos oss.
Men tittelen speglar at dette er ei rockelåt som inneheld alt det me veit og kjenner til om kjærleik, kjensler og spesielt den augeblinken når alt går bra.
«Ingenting» leverer eit komp som passar svært bra til Jul si stemme. Det blir litt sånn Stavanger-rock over det med gode minner frå både 1980-90 talet. Dette er ein radiohit, det kan ein ikkje komme frå.
Jul har servert mykje dei siste åra i mange sjangrar. Han har full kontroll over vokalen og det er kjekt å høyre at han utfordrar seg sjølv med eit så spennande konsept som «Ingenting».
I presseskrivet står det at dette er for deg som saknar rock og som gjennom herlege riff kan nyte låta. Ja, det er noko i det, gitarbasert, herleg lett og bra.

Kanskje kan dette inspirere til meir samarbeid.
Alf-Einar Kvalavåg
Ny singel
«Helvete så bra»
Eivind Jul feat. Ingenting
Singel
Eivind Jul Wibe Fiksdal – Vokal, Kjell Undheim – Vokal, Arne Olav Nygard – Gitar, Tor Jan Møller – Bass, Tommy Grude – Gitar, Arne Bekkeheien – Trommer og Torfinn Thorsen – Keyboards
Thomas Engebretsen – Sound Designer
Torfinn Thorsen – Studio Producer
Thomas Berg – Mastering Engineer