Eg veit at denne drueklasen representerer eit ønske fram i tid. Men det får stå sin prøve, det kjem alltid ein vår. 
Eg veit at denne drueklasen representerer eit ønske fram i tid. Men det får stå sin prøve, det kjem alltid ein vår.  FOTO: Picasa

Drue-eksperiment

Eg har planta mi første vindrueranke. På ettersommaren fann eg ei frodig plante til halv pris hos ein lokal forhandlar. La gå, tenkte eg, det må jo gå an å prøve, det finnest jo eit nybygt drivhus på Erve, der einaste inventar til nå er to stolar.

Ei stor kasse blei fylt med torvfri jord, godt blanda med «brukt» jord som eg har ein teori om må innehalde fleire godisar enn fabrikklaga jord. Eg har jo lest Jordboka, må vite, der har ein klok stordabu skrive mykje om kva frisk, potent og næringsrik jord skal innehalde og korleis ein bygger den. Blant anna er det viktig å fylle på med nedfallslauv og avklipp av gras, det skal gi nitrogen til jorda. Saman med litt kvist og kvast som skal sørge for soppdanning, blir det ei skikkeleg vitaminbombe for vinstokken – når den eventuelt vel å blomstre og sette frukt. 

Ute er det høst og nesten vår, som Vamp syng. Foreløpig kjenner eg at det er lenge til eg kan kikke etter spirer, men den som ventar på noko godt – og så vidare.

Eg er ikkje heilt tom for erfaring når det gjeld vin. Blant anna har eg konsumert ein del slik drikke, både boblande, kvit og raud, og veit at det kan vere skikkeleg godt. Eg har også besøkt ein vingard i Suldal. Den skilde seg ikkje så mykje frå vingardar i sydlegare land, som for eksempel Portugal, forskjellen låg mest i språket. Vinsmaking på den lokale garden blei det og råd med, sjølv om eg som bilførar berre fekk lov til å halde ein pitteliten smak i munnen før eg måtte spytte ut. Opplevinga var at dette var ein annleis drikk enn den smaken eg kjenner frå før. Heilt sikker er eg på at det ikkje er dit eg skal. Det får halde å lage saft av hyllebær, den er det ingen som kritiserer. 

Men – eg ser ikkje bort frå at det kan bli nokre fine drueklasar hengande ned frå taket i drivhuset. Det er dekorativt og eksotisk, og dufta og opplevinga ved å få det til, gir ein heilt spesiell meistringsfølelse. Det skal også vere bra for sjølvkjensla. Særleg nytingsfullt blir det når ein kan synke ned i drivhusstolen med edle dropar av god årgang og merke, produsert andre stader i verda.

Eg må likevel innrømme at det er spennande å følge med på utviklinga som skjer når det gjeld vinlegging i Norge, sjølv om eg er aldri så uroa over stigande temperatur på kloden. For slår ein opp på nettet så ser ein at det har skjedd noko i Norden når det gjeld produksjon av norsk vin. Nå finnest det faktisk meir enn 150 000 vinranker her i landet, og talet aukar med 25 000 planter kvart år. Og då har dei ikkje ein gong telt mi plante.

Eg gleder meg til våren.

Billedtekst