Bongstjørna1505559659621

Om dikt ved høve

«Værhane på Norges hus, snakk så vi forstår; hva med CO2 hvis vi får gasskraftverk i år? Må jeg selge sauene og pakte bort min gard? Menig meg og Borghild her i Tysvær vil ha svar!» 

Vi er snaue 30 år tilbake i tid og underteikna er oppteken av det mange tysværbuar var på den tid, nemleg om dei høge herrar var i ferd med å (Kårstø)anlegge gasskraftverk i kommunen vår. Og sjølvsagt var eg prega av ymse smått konspiratoriske teoriar om verknadene. Så tok eg til pennen, ja, vi snakkar kulepenn(og krutt), reinskrive fleire gonger, snailmail, brev med ord på papir til lesarbrevsida i regionavisa vår. Må innrømme at eg var så feig at eg skreiv under psevdonym, men likevel, eg hadde teke rådet frå ein i nær familie på alvor og ytra meg.

I skulen er vi opptekne av å øve opp evna til å delta, å bry seg, demokratisk ansvar heiter det, og slikt kan ein gjere på ymse måtar. Til dømes personleg oppmøte der ting skjer med fare for å få ansvar for saker ein ikkje automatisk blir personleg rikare av, delta i ordskifte og/ eller melde seg inn der ting skjer. Mi greie har blant anna vore ytringar i diverse aviser opp gjennom åra. Ved eit høve sto det i regionavisa at det mangla mannlege donorar til ein smått unemneleg biologisk bank, og det følte eg det var på sin plass å kommentere:

Sædbanken treng donorar

opptre resolutt

Send ditt bidrag snarast!

(men bruk ikkje konvolutt!)

I Verdens Gang stod det ved eit anna høve følgjande om alt bråket rundt Monica Lewinsky og hennar forhold til dåverande USA-president Bill Clinton, riksadvokat Kenneth Starr blei ein av hovudpersonane, det blei hans «fifteen minutes of fame»:

Nå strides de lærde i drømmenes land
om løgn under ed og (m)oral
hva var det Bill gjorde med stakkars Lewinsky
forvirringen den er total

Herr Starr blir berømt av å nøre sitt bål
men ukrutt forgår ei i heten
og bønder og godtfolk tar livet med tål
det blir jo lett bismak og klagemål
når man velger seg Clint’n før hveten.

Det finns fine ord for så mykje, i denne samanheng har vi følgjande: «Leilighetsdiktning er i videste forstand all litteratur som er fremkalt av en ytre foranledning…», kan ein lese på sidene til Store Norske Leksikon.

Vi som har drive med slikt, å rime ved høve om enn stundom smått uhøvisk, står i ein lang tradisjon, innrømmer at eg er stolt av å prøve meg i same sjanger som blant anna Henrik Wergeland. På barneskulen song vi «Nisser og Dverge», ein uskuldig barnesong initiert av at diktaren blei forstyrra av lokale arbeidsfolk som song viser «utafor den lutherske lære». Teksten blei trykt i avisa «For Arbeidsklassen» 27. august 1841. Wergeland fortel at han dikta visa for at steinbrytarane skulle få mindre «lidderlige» tekstar å synge til arbeidet.  

Dikt ved høve kan utløysast av så mykje, blant anna politiske konfliktar som endar i krigshandlingar der sivile og meinige betalar den ultimate prisen. I 1998/99 var det krig i Kosovo, eigentleg kunne ein brukt same orda på øydeleggande krigar fjernt og nær i vår samtid.

Følelsesladerne 

(krigen i Kosovo) 

Flammende nasjonalistiske taler
de som har makten behersker sitt spill
væpnet med slagord og datasignaler
ofrer de lite men får som de vil
æren blir deres mens fotfolket dør
ikke forlat dem
de vet hva de gjør! 

Like etter gjekk vi og venta på den store smellen, tusenårsskiftet, og det i ei tid medan vi heldt på å gjere oss avhengige av moderne teknologi, av ram og bites i mapper og filer, kort sagt på veg til å bli internødt…

Aftenbønn 

(mens vi venter på tusenårsskiftet) 

Vern oss mot ulykker, sykdom og sott
hjelp de som lider så de får det godt
deg være æret for glede og gammen
og led meg hvis pc`en min
bryter sammen

amen!

Vi snakkar om ei uroleg tid, i skrivande stund sit eg på ein flyplass og har nyss avkledd meg gjennom tryggleikskontrollen, og fått gjennomlyst handbagasjen; 11. september 2001 er ein merkedag for alle flyreisande i ettertid, og så starta jakta på syndebukken…

11. september 

(Om Bushmenn, ondskapens akse og jakten på syndebukker)

Kampen mot ondskap i verden
er stadig vekk høyaktuell
og den som vil fjerne bin Laden
bør nedkjempe ham
i seg selv!

Nå skal eg ikkje dra dette ut, ein forvillar seg lett i detaljar, særleg når ein har hatt som hobby å dikte ved høve i årevis. Brynjar Meling er på TV nå for tida, han gjennomgår 16 vekers helvete, trenar og snakkar i telefonen, ein stundeslaus fyr eg hadde mindre sans for ei stund men som viser seg òg å vere ein godgut av heil ved…trur eg. Vi blei først kjent med han gjennom eit årelangt klientforhold med ein mulla, og vi er årevis tilbake i tid.

Forviklingar

(mulla Krekar forlangt utlevert til Jordan)

Jordan vet hvordan,
men hvem skal ha skylda?

Al-Qaida og Krekar
er det samme ulla?
Hvem utstedte passet?
Hvem var det som tulla?
bør rettsvern òg gjelde for folk á la mulla…?

Så er det haust og vêret ruskar seg til med vind og bLEST, mest jubileum i 2025 nitten år etter oppstarten. Sjølvsagt måtte ein med skrivekløe kommentere ei slik hending, og med det gir vi oss for denne gong, snakkast i ein nær kulturell samanheng!

bLEST 

(litteraturveke i Tysvær) 

Bokvingehegre, det stundar til fest
godtfolk, ver med og gi boka litt blest!
Kjendisar, opplesing, slett ikkje hést
kom og sjå ut som om du er belest
og er du bokvegrar, ikkje ver sur
kom og møt folk
berre litteratur