Hjernen vår er eit umåteleg finstemt og komplisert organ, i stand til å foreta dei vanskelegaste oppgåver. Nå om dagen syns eg me tullar og eksperimenterer vel mykje med han – særleg meiner eg det går ut over barna sine umodne hjernar.
Eg vågar meg på kompliserte og ikkje fagfellevurderte refleksjonar. Som start hentar eg opplysningar om hjernen frå Store Medisinske leksikon, – eg stolar på at dei er ei sannferdig kjelde:
«Oppgåva til sentralnervesystemet er først og fremst å styre aktiviteten i dei andre organa til organismen, noko som føreset påliteleg informasjon om tilstanden til organismen og om tilhøva i omgivnadene omkring. På grunnlag av opplysningane frå ulike sanseorgan blir åtferda til organismen bestemd til ei kvar tid. Tidlegare erfaringar, kunnskapar og kompliserte sosiale mønster er ofte avgjerande for kva åtferd som blir vald.»
Altså, på grunnlag av dei opplysningane som kropp og sansar får mata inn, bestemmer hjernen og sentralnervesystemet kva eg skal tenke, føle, gjere og seie. Men kva viss det blir krøll i desse opplysningane? Kva om informasjonen som kjem inn i hjernen er feil?
Det er lenge sidan Hitler tok makta i det tyske riket, men informasjonen han proklamerte til innbyggarane var i stor grad ukorrekt. Det same er informasjonen som kjem ut frå det amerikanske politiske systemet.
Shit in, shit out, for å sitere ein gammal vismann.
Det skremmande er at viss me godtar all shit’en som finnest der ute, så blir hjernen vår på ein måte korrumpert, slutningane og oppførselen vår kan bli deretter.
Kva med KI – kunstig intelligens? Det er ikkje så lenge sidan eg tok dette hjelpemiddelet i bruk, og eg lurer på kva det gjer med meg. Blir eg dummare av det – viss mogleg?
Sidan eg er over den kriminelle lågalder bruker eg ikkje berre Chat GPT for å finne svar, eg høyrer også på kva kloke folk seier. Nyleg sa ein professor, svensk må vite, at menneske som støtter seg på kunstig intelligens visstnok skal minske hjernekapasiteten til 58 prosent. Same oppgåve utført med penn og papir, viste ingen endring i nemnde kapasitet. Det skumle med dette er at reduksjonen ikkje går over med ein gong, den varer ved over tid.
Det får meg til å undrast på korleis det går med dei som bruker KI og arbeider med å vidareutvikle verktøyet. Etter kvart vil dei berre bruke 58 prosent av hjernen sin kapasitet? Kan ein då dra den slutninga at også KI blir gradvis dummare. Eller?
Fleire og fleire innser at den offensive skjermbruken ungane blir utsett for, ikkje er heldig. Ein annan forskar sa nyleg at ved innføring av skjermbruk i tidleg alder gjer me ungane til forsøksdyr i det største hjerneeksperimentet til nå. Det er skremmande, det.
Kanskje er det for seint, men i alle fall er eg glad for at kunnskapsministeren vil kjøpe inn bøker til elevane i staden for å gi dei nye nettbrett. Kanskje rekk dei å få tilbake sin fulle hjernekapasitet innan dei blir vaksne.

