Gunn-Marit Lygre - SEKSJONSLEDER - Psykisk helsetjeneste Tysvær kommune
Gunn-Marit Lygre i Kristelig Folkeparti. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Svaret frå statsråden er etter mi vurdering ikkje tilstrekkeleg

Takk til stortingsrepresentant Jonas Andersen Sayed (Rogaland KrF) for å løfte ei viktig sak for oss, og til statsråden for svaret. Det er positivt at regjeringa har etablert ei tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg, og at åtte kommunar har fått støtte i 2025. Men svaret frå statsråden er etter mi vurdering ikkje tilstrekkeleg.

Krisesenter-støtte: Skuffet over minister-svar

Krisesenter er ein lovpålagt kommunal teneste etter krisesenterlova, og skal gi tryggleik og akutt hjelp til voldsutsette. Det er ei grunnleggjande velferdsteneste, på linje med omsorgsbustader og institusjonstilbod – som alle har rett på investeringstilskudd frå Husbanken. At krisesenterbygg fell utanfor Husbankens ordningar, er ei systemsvikt som gjer det vanskeleg for kommunar å sikre forsvarlege og tilpassa bygg, etter mi vurdering.

Statsråden viser til Husbanken sitt samfunnsoppdrag og at krisesenter er eit midlertidig butilbod. Men dette er ei snever tolking. Krisesenter er ikkje berre ein mellombels bustad – ein tryggingsarena, eit arbeidsmiljø og eit behandlingsmiljø. Det krev spesialtilpassa bygg med høg sikkerheit, skjerming og tilrettelegging for ulike brukargrupper. Slike krav kan ikkje løysast ved vanlege bustader.

Tilskotsordninga som statsråden viser til er eit steg i rett retning, men med 20 millionar kroner fordelt på heile landet, er det ikkje tilstrekkeleg. Med berre 39 krisesenter i landet, er det snakk om eit avgrensa behov – men eit kritisk behov. Skal kommunar kunne realisere nødvendige bygg, må ordninga styrkast og utvidast, eller så må Husbanken sitt regelverk justerast slik at krisesenterbygg blir likestilt med andre kommunale velferdsbygg.

Eg oppmodar gjerne statsråden til å ta politisk initiativ for å sikre reell finansieringsmoglegheit for krisesenterbygg – anten gjennom Husbanken eller ved å styrke den eksisterande tilskotsordninga. Voldsutsette fortener trygge og funksjonelle bygg, og kommunane må få verktøy til å levere på det lovpålagte ansvaret.

Venleg helsing Gunn-Marit Lygre

Tysvær KrF