– Korleis kjennest det å legge ned bedrifta som de har levd med i så mange år?
– Det blir litt vemodig, eg må innrømme det. Men på den andre sida blir me ikkje yngre og det skal bli godt å ha fritid, seier Anne mens ho slår kaffi oppi koppen.
Me møtes heime på kjøkkenet deira, for då me ringte for å få ein avtale med dei, var det nesten umogeleg å finne eit ledig tidspunkt. Men nå sit me her, med fin utsikt over Førre.
Ekte vare
Både Anne og Jon Einar er «ekte» tysværbuar. Ho er dotter til legendariske Emil Lundervold i Tysværvåg og Jon Einar kjem frå den store Dagsland-familien på Kårstø, som blei berørt av utbyggingane der. Det unge paret flytte til Førre for 40 år sida, og her har dei tre ungane deira vakse opp.
Livsstil
Då dei starta med drosjenæring fekk ein skulekøyring og pasientkøyring som grunnpakke i drosjeløyve. Det gav ein grunnmur å bygge økonomien på. Nå har denne køyringa blitt sett ut på anbod, og den same tryggheita finnest ikkje for dei som vil starte med taxi-køyring.
– Det var travelt i starten, med alle dei faste oppdraga som sjuketransport og skulekøyring, hugsar Jon Einar.
I starten var det berre han som køyrde mens Anne jobba som heimehjelp i kommunen. Ho fekk etter kvart eige løyve i Aksdal.
– Korleis har det vore å jobbe saman i alle desse åra?
– Det har vore fint. Og det må det jo vere dersom me skal ha det bra, Anne ler litt, og legg til:
– Me snakkast på telefon heile tida og samordnar køyringane. Det har vore eit svært kjekk tid.
– Me har delt på oppgåvene, men me har ikkje kunne planlegge dagane slik me vil, sidan me har hatt telefonen på dag og natt og er blitt kalla ut på alle tider av døgnet, seier Jon Einar og legg til:
– Det er blitt ein livsstil for oss. Ein har jo aldri skikkeleg fri. Me må alltid innrette oss slik at ein av oss kan køyre dersom me får ei oppkalling.
I dag er folk mykje flinkare til å bruke pengar på taxi, slik var det ikkje før, viss dei ikkje fekk dekka det på trygda, så let dei det vere.
Begge er glad i å snakke med folk og dei set pris på kundane sine. Slik blir det også fine samtalar og nære forhold av.
– Eg kan ikkje hugse å ha opplevd noko ubehageleg, seier Anne.
Mobiltelefon i sekk
Det er ei anna tid nå enn då dei starta.
– Eg hugsar at eg køyrde rundt med mobiltelefon kopla i ein stor ryggsekk. Det har endra seg mykje, og har vore ei stor lette for oss.
Det er blitt mange turar og mange episodar, og som alle taxi-sjåførar har dei teieplikt. Særleg fordi dei har hatt pasientkøyring og skulekøyring.
– Det var kundar me køyrte jamleg, og me blei godt kjende med dei. Eg kjem til å sakne kontakten med dei, seier Anne.
Tallause mil
På desse åra har bilane til Dagsland Taxi rulla mange mil.
– Me har sikkert slite ut 10-12 bussar og bilar. Og eg har ikkje peiling på kor mange kilometer me har køyrt, seier Anne.
– Korleis blir det nye livet dykkar?
– Eg skal nok venne meg til det, – eg har mange interesser og mange folk rundt meg, seier Anne.
– Eg gler meg til at eg skal sleppe å skifte klede når eg held på med anna arbeid og får ei oppkalling. Men ja, det er spesielt, me har levd med dette i mange år. Eg kjem nok til å savne alle folka eg har møtt. Me kom tett innpå folk, seier Jon Einar Dagsland.
