– Først av alt er det kjekt å få komme til storsalen og spele der igjen. Med Håvard Rasmussen som ansvarleg for både lyd og lys blir dette ein konsert eg og vennene mine ser skikkeleg fram til. Nå skal me ha eit par øvingar denne veka, og på fredag tar eg med meg 14 av mine musikalske venner. Det blir kjekt og forhåpentlegvis ein variert konsert med et hint av jul, seier Liknes.
Blant gjestene er sonen Håkon som kjem heim for mellom anna å synge duett med faren.
– Det blir som sagt ei god blanding. Kjekt at Håkon kunne vere med. Elles blir det ein miks av det meste eg driv med. Til og med litt korps har eg klart å samle.
– Du er i det siste observert bak kyrkjeorgelet i Tysvær…
– Ja, det hadde vore noko, men det blir vel for drygt å krevje eit kyrkjeorgel på scena. Så det får me ta ein annan gong. Det blir litt jazz, litt jul og mykje av den musikken eg liker å spele. Det har vore ein svært travel periode nå med mykje speling og konsertar. Men ein slik konsert-moglegheit i storsalen kan ein ikkje seie nei til, seier Liknes.
Allsidig
Lars Johannes har vore på vår ønskeliste lenge. Mest av alt fordi han har så mange raude trådar han av og til klarar å samle.
Embla, Ruste Horn, korpset på Førland, Aksang og Boknakoret, you name it, for å seie det litt internasjonalt. Nå har læraren på Førland samla slike raude trådar.
– 19. desember byr jo opp til julemusikk, så eg kan love litt god julestemning. Men som sagt har eg mange jern i elden og vil prøve å ta med litt av det også. Så ein raud tråd blir det, så får me sjå kor tydleg den blir, seier Liknes.
Og for å skape denne raude tråden er han imponert over vennene sine.
– Nokon har bytta vakt, andre har tatt fri – så det er viktig for meg å få sagt at eg er veldig takknemleg for at me får til dette. Det er 15 svært så aktive personar som skal samlast ein halvtime på scenen, seier Liknes.
Stort
Me nærmar oss 75 lunsjkonsertar og mange har fått sleppe til i kulturhuset.
– Kva tenker ein lokal multimusikar om prosjektet vårt?
– Det er stort og det er eit flott initiativ. At så mange lokale artistar i alle aldrar har fått ein sjanse til å vise seg fram og presentere det dei held på med er stort. Akkurat nå er det utruleg mykje spennande som skjer innanfor musikk i Tysvær, og då er det ekstra stas å ha noko slikt å strekke seg etter. Det å få sleppe til i eit kulturhus, bli profesjonelt tatt imot og få skikkeleg lyd og lys kan ein som oftast berre drøyme om. Det kjenner eg litt på, sjølv om eg har spelt og underhaldt i ein mannsalder. Det å bli tatt imot, få full støtte og eit stort publikum gir motivasjon til å halde på, seier Lars Johannes Liknes.
375 har tatt ut billettar, og til alle dei som nå ser dei ikkje kan komme likevel, så er det fint om ein kontaktar kulturhuset slik at dei som står på venteliste får sleppe til og får med seg konserten.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus.
Konserten fredag den 19. startar som vanleg klokka 11.30.
Disse er med:
Roy Strømø – trompet
Nathalie Yndesdal – trompet
Kristian Kyllingstad – trompet
Daniel Dossev – saksofon
Jostein Askeland – trombone
Øystein Østebøvik – keyboard/euphonium
Gisle Molland – bass
Egil Lindanger – gitar
Mathias Frantsen – slagverk/perkusjon
Lars Røthe – slagverk/perkusjon
Håkon Askheim Liknes – vokal
Sissel Eikeskog – vokal
Lars J Liknes – tangenter
