Spaltistar: Kjersti Førre Halsne og Gunn Waage Lien, helsesjukepleiarar og Ann-Kristin Berge Dahle, rådgjevar samfunnsutvikling og folkehelse.
Spaltistar: Kjersti Førre Halsne og Gunn Waage Lien, helsesjukepleiarar og Ann-Kristin Berge Dahle, rådgjevar samfunnsutvikling og folkehelse. FOTO: Alf Einar Kvalavåg

Alkovett i påskeferien – for dei minste rundt oss?

Visste du at mange norske kommunar, over heile landet, samarbeider med organisasjonen Av-og-til? Tysvær kommune er ein av dei, og det er vi stolte av. Gjennom dette samarbeidet jobbar vi – både lokalt og regionalt – for å førebyggje og redusere alkoholskadar, og for å gjere kvardagen tryggare for alle som bur og oppheld seg i kommunen vår.

Av-og-til er ein organisasjon som løftar fram eit enkelt, men viktig bodskap: Alkoholbruk påverkar meir enn vi ofte er klar over, særleg når barn er til stades. Difor jobbar vi i Tysvær kommune aktivt med alkovett i befolkninga – ikkje for å peike finger, men for å skape refleksjon og gode val i kvardagen.

No står påskeferien for døra, og for mange betyr det hyttetur, fridagar og tid saman med familie og vener. Samstundes veit vi at salet av alkohol aukar markant før påske. For dei som skal tilbringe ferien saman med barn og samtidig ønskjer å nyte alkohol, kan det vere lurt å stoppe opp og tenkje gjennom eigne vanar på førehand.

Når vi planlegg hyttetur, er vi ofte nøye med praktiske ting som soveplassar, transport, mat og utstyr. Alkohol blir sjeldnare ein del av den same planlegginga. Likevel kan det vere klokt å snakke saman på førehand om kva ein synest er greitt når barn er med. Slike samtalar er langt enklare før ferien startar enn når nokon allereie har drukke meir enn planlagt.

Av-og-til sitt råd er tydeleg: Når du er saman med barn, bør du halde deg til 0–1, eller maks 2 einingar alkohol. Når barn som er gamle nok til å bli spurde, får seie kva dei ønskjer for «sine» vaksne, svarar dei ofte nettopp dette. Dei vil ha vaksne som er trygge og slik dei pleier å vere rundt seg.

På hytta kan det være mykje alkohol lett tilgjengeleg. Når fleire tek med litt ekstra «for sikkerheits skuld», kan det fort bli meir enn nokon eigentleg hadde tenkt. Då blir det også lettare å ta eitt glas til – utan å merke korleis det påverkar både eigen åtferd og stemninga rundt.

Barn merkar små endringar hos vaksne lenge før dei vaksne sjølve opplever seg som påverka. Latteren blir høgare, og både kroppsspråk og stemme endrar seg,

og ein forelder kan opplevast annleis enn vanleg. På hytta, der barna er ute av sine trygge, kjende rammer og er tettare på dei vaksne, kan dette

kjennast ekstra sterkt. For dei minste kan endringar i blikk, mimikk og stemme skape utryggleik – nettopp hos dei dei vanlegvis søkjer tryggleik hjå.

Målet for påskeferien og hytteturen bør ikkje vere å ha med nok alkohol, men å unngå at det blir for mykje. Med litt bevisstheit og gode val kan vi bidra til ei trygg og god påske for både store og små.

Med dette ønskjer vi alle i Tysvær kommune ei riktig god og trygg påskeferie.