Ingvild Holta: Kjekt å komme så høgt opp.
Ingvild Holta: Kjekt å komme så høgt opp. FOTO: Privat

Ingvild Vik Holta stolt kommande konditor

Ingvild Vik Hota frå Nedstrand går på Karmsund videregående skole, på linje VG 1 Restaurant- og matfag. Denne veka blei ho nummer 3 på World Skills, skule-NM for konditor.

– Det var ein kjekk konkurranse, og så var det ekstra stas å komme så høgt opp som på tredjeplass, særleg sidan eg er VG1-elev, seier Ingvild Holta på telefon. Ho er på veg heim frå konkurransen som har vore i Larvik på Thor Heyerdal skole.
– Eg synest ikkje det var så mykje stress, eg hadde øvd meg på førehand og hadde eigentleg god tid på oppgåva.
– Tenker du å fortsette skulegangen innanfor baking og koditorfag?
– Eg trur nok eg fortsetter på VG2. Eg liker veldig godt å pynte kaker og bruke kreativiteten min. På førehand lager eg bilde i hovudet mitt, ser føre meg korleis eg vil at kaka skal sjå ut før eg begynner pyntinga, seier Ingvild Vik Holta før ho skundar seg om bord i flyet heim.