Mange som liker elektronika i jazzlandskapet har for lengst fått med seg Eivind Aarset og det han og hans 4tet driv med. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Mange som liker elektronika i jazzlandskapet har for lengst fått med seg Eivind Aarset og det han og hans 4tet driv med. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Aarset og Litangen: Når gitarane fortel historia

Eivind Aarset og Kjell Harald Litangen har begge komme med ny musikk. Musikk for dei som liker at gitarane tar seg forteljinga.

Tysvær Bygdeblad har gjennom fleire år funne fram til artistar som me meiner folk i vår region må få med seg. Og i løpet av kort tid har to av dei profilane me har presentert på våre kulturliv-sider gitt ut nye plater.
Mange som liker elektronika i jazzlandskapet har for lengst fått med seg Eivind Aarset og det han og hans 4tet driv med. Musikk presentert så samspelt og elegant at sjølv ein gamal rockar må nikke anerkjennande til resultatet.
I desse dagar er han på turné for å presentere LP-en «Strange Hands». Det er berre å bøye seg i støvet.
For me snakkar om ein kvartett der Aarset på sin gitar og diverse utstyr saman med Audun Erlien, bass, Wetle Holte, trommer og Erland Dahlen, trommer, er så rytmisk samspelt at instrumenta i fleire av låtane glir saman og skapar eit skarpt og tett lydbilete det berre er å la seg rive med. For ein blir riven med. Av alt det elegante i støyen som av og til dannar lydveggen i bakgrunnen. Som gjer noko med deg og får deg til å lytte. Etter et slag på ein symbal eller ei klokke, eit bassriff eller Aarset sin leik med den utslitne gitaren som heng saman med gaffateip og velvilje.

Perfekt
Alt dette gir det perfekte, eller rettare sagt den perfekte og personlege samlinga av lydar i musikken som gir nye opplevingar kvar gong ein speler gjennom plata. Seks låtane som til saman gir deg ei musikalsk reise gjennom rundt 40 minuttar. Der «Slumberjack» kjem tidleg og minner om dei gode opplevingane frå førre plate «Phantasmagoria or A Different Kind of Journey».
Aarset klarer også å sette eit personleg preg på låtane sjølv om ein kan bli dratt mot andre kjende artistar som Nils Petter Molvær i låta «Deep green». Men det er noko eige ved gitar og rytmespelet i denne 4tet-en. Det er driven, det melodiøse, alt det som gjer at ein blir sittande. Først litt undrande over kva som trefte deg, så meir og meir nysgjerrig.
For mange av Eivind Aarset sine fans over heile verda er det gitarspelet som fasinerer, og ikkje minst måten han impliserer element frå elektronika, ofte blanda med reint gitarspel og tydelege riff og soloar. Denne plata er ein knepp meir rocka enn tidlegare og det er nok ein del som set ekstra pris på.
Plata «Strange Hands» er eit nytt døme på ei plate som ein bør ta seg tid til å lytte til om ein ønsker å utvide repertoaret sitt. Å sitte med denne kvartetten med volumknappen litt høgare enn vanleg gjer noko med deg. Den opnar øyrene dine og gir deg innblikk i ein musikalsk sjanger som mange enten likar eller rett og slett hatar. Eivind Aarset har gjennom ei rekke plater og konsertar gjort alt i si makt for at viss ein ikkje elskar denne typen gitar instrumental, i alle fall vil lytte og gi det ein sjanse.
Eg kan ikkje sjå at det er ein musikar eller komponist i Norge som rekk han og kvartetten til kne ein gong når det gjeld samspel og musikalitet. Det er verdsklasse, sjølv me i Tysvær Bygdeblad skjønar det.

Litangen er ute med plata «Drifting». Vel verd å litte på.


Gitardraum
I ei litt anna musikalsk verd har karmøybuen Kjell Harald Litangen etablert seg som ein av landets mest brukte gitaristar. I eit utal av konsept har han med stødig hand levert gitarspel på høgt nivå.
Nå står han heilt aleine med ein ny soloplate «Driftin». Og om Aarset serverer musikk ein må bruke tid på å venne seg til, så køyrer Litangen på med meir rocka klassisk elgitarspel innan mange sjangrar. Det er lett å høyre at han har blitt inspirert av både norske og utanlandske gitaristar. For dei av oss som kjøpte LP på 80 og 90-talet for hardt opptente vekepengar, så får me gjenhøyr med hylande solos og lynkjappe overgangar.
Samstundes har han funne fram til meir neddempa låtval. I alt gir dette eit instrumentalt album som verkeleg viser kva kvalitetar Litangen står inne med. Rolege «Harbour Dance» er ein av dei.
Favoritt? Tja, veldig lett å plukke ut «Transitions» som med eit vakkert og klokkereint midtparti verkeleg lar gitarane snakke. Flashback til både amerikanske og norske gitaristar som herja rundt på 1980-talet.
Men dei som trur at Litangen safar gjennom albumet tar feil. Han både eksperimenterer og leikar seg, som til dømes i låta «Rio De Tjernagel». Det er ei låt som skil seg ut. Lik det eller ikkje, men tøft er det.
Det er ei plate som er lyttbar, røff og mjuk på ein gong. Den rundast av med eit fantastisk samspel mellom elgitar og bass på låta «Beneath it All».
Det er fem år sidan sist me melde musikk av Litangen. La det ikkje gå fem år til neste.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate