Espen Eriksen var i storform på Spor 5 i Stavanger. Det blei også eit par artige historier fra korleis han lagar namn på låtane sine.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen var i storform på Spor 5 i Stavanger. Det blei også eit par artige historier fra korleis han lagar namn på låtane sine. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Espen Eriksen trio: Fullt hus og stor applaus for ein mektig trio på Maijazz

Espen Eriksen er på veg ut i Europa med sin trio, men først hadde han tid til eit stopp på Spor 5 under året Maijazz.

Det var fullt hus og god stemning lenge før trioen entra scenen i den gamle stasjonsbygningen midt i Stavanger. Folk kom gåande og etter kvart joggane langs Breiavatnet for å få med seg konserten. Opninga av Maijazz i Bjergsted var over, men som det blei sagt i presentasjonen av trioen, dette blir minst like internasjonalt og bra.
– Me held på med vårt åttande album som kjem ut tidleg i september. Det blir litt frå det og litt frå dei platene me har gitt ut tidlegare. Det blir det same repertoaret me nå tar med oss til Tyskland og konsertane som startar på torsdag, sa Eriksen på veg inn døra til konserten. Halvannan time seinare kan me slå fast at utvalet låtar var velbalansert og midt i blinken for eit lyttande, men samstundes entusiastisk publikum.

Espen Eriksen trio spelte under Maijazz i Stavanger.


Variert
Espen Eriksen trio som er Eriksen på flygel, Lars Tormod Jenset på bass og tryllekunstnaren Andreas Bye på trommer starta med «Grounded». Stemninga var satt. Eventuelle etternølarar som hadde håpa på å kunne lure seg ut og kjøpe seg noko godt i glaset kunne berre gløyme det. Musikken er vakker, samspelt og intenst på ein gong. Etter snart 20 år som trio er det som om dei pustar i takt, og dei korte blikka dei sender kvarandre er meir ei stadfesting av at dei er med i samspelet, enn kva som kjem nå. Heldigvis er det likevel rom for variasjon og variantar. Spesielt når Bye finn fram vispane sine og rett og slett speler trommeentusiastar ut av sitt gode skin. Det blir fort god stemning av slikt, svært god.
« Endless» dukka opp og var ein rein og fin låt som passa godt tidleg i konserten. Eriksen greip mikrofonen fleire gonger og fortalte om den nye plata, om at låtane endeleg hadde fått namn. I utgangspunktet hadde dei nå spelt låt 8.1 og at 8.2, der 8.3 også ville dukke opp. Til latter, og som eit lite innblikk i studiokvardagen.
– Det er godt å komme seg ut å få spelt desse nye låtane for publikum. Når me er i studio er det strenge reglar, og me kan ikkje halde på i ti minuttar med ei låt berre fordi det passar slik. Her kan me kose oss litt meir og ta det heilt ut, smilte bassist Jenset etter konserten.

Spor 5 stilte med kjende Ingar Hunskaar frå Egersund på lyd.


God lyd
Spor 5 stilte med kjende Ingar Hunskaar frå Egersund på lyd, noko Eriksen var svært nøgd med.
– Han gjer at låtane får det rette lydbilete, noko me set stor pris på. Det er ikkje eit lett lokale å få til god lyd, men han er utruleg bra. Trur det blei grei lyd, seier Espen Eriksen frå Grinde.
Låtvalet gjorde at publikum fekk høyre og fysisk sjå heile spekteret hos trioen som kjem frå internasjonale spelejobbar med stort publikum. Det er lett å bli glad i både musikken og typane. Dei gir av seg sjølv, og når Eriksen byr opp til stand up i introen til den nye låta «A dream in black and white» ja, då tok det litt av, for å seie det slik.
– Eg veit ikkje korleis det er me dokke i salen når de les ei bok eller ein tekst. Kanskje ser ein føre seg bilete og fargar og slikt. Eg gjer ikkje det, sa Eriksen og fekk høyre skikkeleg stand up latter i ein av stand up-en sine hovudstadar.
Han fortsette med full kontroll over publikum med å fortelje korleis han sette namn på låtane sine. Motivert av årstider, joda, men når til og med resten av trioen drar på smilebandet, så skjønar me at låta «A dream in black and white» neppe hadde det som arbeidstittel.

Lars Tormod Jenset, bass.


Ønskelåt
Etter mange album og utruleg med konsertar både heime og i utlandet har trioen klart å få ei skikkeleg signaturlåt. Når arrangøren ønsker seg «Anthem» så blir det slik. Eriksen kom med ei kort historie, folket kosa seg og me fekk ein litt ny vri. Litt usikker på om det var helt 100 prosent vellukka, for verken Eriksen sin nydeleg flygel-intro eller Jenset sin vanvitige følsame bass-solo kom til sin rett denne gongen. Men det bli ein parentes i ein festaftan der det reine, melodiøse og samspelte blei bore fram og hylla.
Ingen i salen hadde planar om å gå heim etter at trioen hadde framført «Winter is coming» samstundes som kalenderen i Stavanger viste 5. mai. Eriksen parerte med at det blei ekstranummer med den like misvisande tittelen «End of summer».
– Då me spelte i Kina var det ei som ropte ut: ohh, not end of summer, play start of summer. Da kunne eg informere henne med om at i Norge er det den same dagen, avslutta Espen Eriksen til høg latter, stor applaus og med ein strålande framføring av den etter kvart litt eldre låta «End of summer».
Ironisk nok var det 0,5 grader i lufta da vi svinga ut på E39 like etter.
I gangen utanfor lokalet var det platesal og mykje skryt å få for trioen. Og kvalitetsstempel og tilbakemeldingar har mange variantar.
– Dette var så bra at eg kunne ikkje lure meg verken på do eller i baren undervegs, kom det frå en siddis, som tydelegvis hadde kosa seg saman med rundt 200 andre, noko som betyr fullt hus og stinn brakke på Spor 5.
– Veldig kjekt å få spele på festivalar som har litt andre typar musikarar enn dei som speler over alt. Trur publikummet her skjønar kvaliteten i det og stiller opp. Det er eit vanvitig bra program her, seier Espen Eriksen.
– Og nå er kofferten pakka og passet klart?
– Ja, nå skal me rett til Tyskland. I september blir det plateslepp i Oslo, så får me sjå etter kvart om me set kursen mot vest igjen. Dette var i alle all ein fantastisk kjekk kveld for oss, og det høyrtest ut som om me trefte godt med låtvalet. Trur me spelte noko frå dei fleste albuma våre, og det er jo kjekt, spesielt når folk kjøper CD og vinyl som me har gitt ut for mange år sidan. Nei, dette var stas, avslutta Espen Eriksen.

Andreas Bye på trommer.

Konsert

Terningkast 6

Espen Eriksen trio
Maijazz – Spor 5
Espen Eriksen, flygel, Lars Tormod Jenset, bass og Andreas Bye, trommer
200 frammøtte
Dette spelte dei: Grounded, Endless, Septine Sky, Drifting clouds, A dream in black and white, Ancicent Rituals, Anthem, Winter is coming og End of summer