Paul Hansen serverer den siste singelen frå albumet som kjem i september. Låta «Det brenne» er ei energisk poplåt som kombinerer mange av Hansen sin sterke sider. Det er stort spenn i lydbilete og han slepp verkeleg til med vokalen som så mange er blitt så glad i.
Denne gangen er det også eit fokus på teksten som handlar om indre uro og eit liv med diagnosen OCD (Obsessiv-kompulsiv lidelse). Hansen har valt å bruke musikken som på ein ærleg måte setter ord på det som ofte er vanskeleg å forklare. Teksten i «Det brenne» er brutalt ærleg og ein tankevekkjar.
For å få fram bodskapen har Hansen med seg ein solid vegg av lyd som løftar songen opp og fram og gir håp. Det er litt i gata til bandet Blest, men likevel eit nytt steg i retning av ei solokarriere. Mest fordi han har noko å fortelje og ikkje minst den energiske måten han gjer det på. Det glir rett i øyra, teksten er forståeleg og ein får lyst til å spele songen på repeat.
Med strykarar som eit pulserande fundament og som bidrar til ei dramatisk oppbygning gir dei songen rom for litt alvorlege krumspring, noko som gir opplevinga av teksten endå meir fylde:
«Må bara gå igjønå ild, og ikkje glømma kor du vil, av askå ska det voksa nåke nytt».
Paul Hansen har jobba lenge med plata si, som altså blir å få tak til hausten. Så langt har han klart å variere både tekstane og låtane i det som har blitt lagt ut. Det er ein prestasjon når han så langt har vore aller mest kjent som frontmann i kjende og store band. Akkurat nå er det mange som nynnar på «Det brenne» og ser fram til 4. september.

Alf-Einar Kvalavåg
Ny singel
Det brenner
Paul Hansen
Trommer: Torstein Lofthus, Fele: Madeleine Ossum, Bass: Henning Hansen, Gitarer: Kjetil Steensnæs, Piano: Paul Hansen og Keyboard: Ronny Graff Janssen
Produsert av Ronny Graff
Janssen
Mastret av George Tanderø