Karen Hesseberg, er tilsett som ny redaktør i Tysvær Bygdeblad. Foto: TVH.
Karen Hesseberg, er tilsett som ny redaktør i Tysvær Bygdeblad. Foto: TVH.

Karen Hesseberg blir ny redaktør i Tysvær Bygdeblad

I dag kom svaret på det mange bygdeblad-lesarar har lurt på dei siste vekene: Kven blir ny redaktør i Tysvær Bygdeblad.

Karen Sofie Hesseberg, nåverande redaktør i TV Haugaland, har takka ja til jobben. Endå er det ikkje avklart når ho flyttar inn i hjørnekontoret i bygdebladet.
I 27 år har ho vore tilsett i TVHaugaland og har fronta kanalen i mange av desse åra. Ho var ei av eldsjelene då TV-kanalen låg med delvis brukken rygg i 2023. Saman med gode kollegar tok ho fatt på spjelkinga, – og lykkast.
Karen Sofie er eit kjent fjes i bybildet, men også i bygdene på Haugalandet. Ikkje alle veit at ho har ei forhistorie i Tysvær, – ho har faktisk budd ti år på Askeland.

– Love of my life
Dette er orda ho brukar om sin snart gamle arbeidsplass.
– Korleis heng det saman, Karen Sofie, å forlate the love of your life?
– Haha, det er jo slik at eg har ein til love, og det er Tysvær. Dei ti åra eg budde der prega meg nok, dei sit i hjarta mitt. Eg går framleis i foreining – ikkje klubb – med damene innerst på Askeland.

Nå skal ho få eit endå tettare forhold til kommunen vår.
– Var dette ein av grunnane til at du søkte denne jobben?
– Ja, eg trur dei ti åra var dei beste i mitt liv på mange måtar. Og sjølv om eg har flytta til Haugesund sentrum nå, så har eg absolutt tankar om at Tysvær kan vere ein god stad å busette seg i framtida.

Ho er rapp i tanken, og det neste poenget kjem ganske fort:
– Du veit, eg ler litt av alderen min, for alder er ingen kvalifikasjon, det er heller ingen diskvalifikasjon. Eg reflekterer mest over det eg har lyst til å gjere, til å halde på med, og eg har lyst til å knytte meg nærare til Tysvær. Eg har barn og mitt første barnebarn som bur i kommunen, det tel også, smiler ho.

– Kva tenker du om framtida til ei lita lokalavis som TB?
– Eg vil at me skal sette Tysvær på kartet, bli endå meir synlege, også utanfor kommunen. Og så ønsker eg å bli med avisa inn i den nye verda, vere med å leie utviklinga, bli meir digitale. I dag frontar avisa det breie og aktuelle livet i kommunen, og det ønsker eg at me saman skal gjere vidare. Eg har stor respekt for den jobben dokke har gjort under Alf-Einar Kvalavåg si leiing. Så du kan godt seie at eg kjem inn i jobben med både stor glede og audmjukheit.

Tøffe kår
– Lokalaviser har tøffe kår, særleg i konkurranse med sosiale media og lettleste nyheiter. TB er ei avis som har fleire konkurrentar lokalt, – TVHaugaland og Haugesunds Avis, men også Grannar og Vestavind. Kva trur du er dei største utfordringane me står overfor?
– Eg trur det er viktig å vere synlege. Klare å vise så mykje av regionen som me kan. Å komme først og lage gode redaksjonelle saker, slik at dei som sit heime og er sine eigne redaktørar får augene opp. Me må vere gode å sjå ting frå mange kantar, ha journalistisk integritert i bånn. Det kan vere vanskeleg å vere først når me er så få, men eg tenker at eit journalisthovud søv berre om natta. Latteren hennar rungar når ho seier dette, men avkreftar straks at journalistane alltid skal vere på jobb.

– Er det noko du gleder deg spesielt til?
– Å, eg gleder meg til å vere rundt i Tysvær, snakke med folk, ha med meg pc’en og sitte på ein kafe slik at folk kjenner at dei kan komme bort til meg for å slå av ein prat. Eg vil vere tett på og bli ein synleg redaktør. Vere ute på jobb, prate, skrive, det gleder eg meg til.
– Du kjem inn i eit kvinnemiljø. Korleis trur du at du vil oppleve det?
Nå slår Karen Hesseberg latterdøra på vid vegg.
– Ja, plutseleg så kom eg på det. Eg er vant til å jobbe med menn, men eg gleder meg til å bli kjent med dokke alle. Og så trur eg at det er viktig å vere forskjellige, slik at me kan spele på kvarandre sine eigenskaper. Og då betyr både kjønn og alder lite. Det viktigaste tillit og respekt og kven me er. Ho tenker seg litt om før ho legg til:
– Men eg må seie at det også er litt skummelt dette – ny jobb, og å følgje etter ein så profilert og dyktig redaktør som Alf-Einar Kvalavåg. Men mest av alt gleder eg meg, seier ho før ho haster vidare. Det er 1000 ting å ta fatt på i den jobben ho har i dag, også.