Spaltist: John-Fredrik Rognsvaag, samfunnsutviklingssjef i Tysvær kommune.
Spaltist: John-Fredrik Rognsvaag, samfunnsutviklingssjef i Tysvær kommune.

Kor og korleis vil du bu i framtida?

Bustad handlar om meir enn tak over hovudet. Det handlar om kvardagsliv, tryggleik, økonomi moglegheita til å leve gode liv – åleine, saman med familie eller i eit fellesskap med andre. For Tysvær kommune er bustad også ein viktig del av samfunnsutviklinga. Kor vi bur, korleis vi bur, og kva slags bustader som finst, påverkar både folkehelse, nærmiljø, stadutvikling og kommunen si moglegheit til å vekse på ein god og berekraftig måte.

Tysvær kommune har vedteke ein bustadplan for perioden 2025–2028. Planen skal vere eit strategisk verktøy for å sikre ein heilskapleg og berekraftig bustadpolitikk, og skal bidra til at innbyggjarane har tilgang til eigna bustader – uavhengig av livssituasjon, alder og økonomi. Eit av hovudmåla i planen er å bidra til ein variert og tilgjengeleg bustadmarknad for alle, uavhengig av livsfase, inntekt og bakgrunn.

No ønskjer kommunen å få meir kunnskap om korleis personar mellom 18 og 55 år tenkjer om bustad, bustadområde og framtidige bustadbehov. Gjennom ei ny digital spørjeundersøking ønskjer vi å høyre frå både dei som bur i Tysvær i dag, og dei som har annan tilknyting til kommunen. Undersøkinga kan også vere aktuell for deg som har budd her tidlegare, har familie eller annan tilknyting til Tysvær, eller som kan sjå for deg Tysvær som ein aktuell bustadkommune i framtida.

Vi ønskjer mellom anna å vite meir om korleis folk bur i dag, kva slags bustad dei ser for seg å ha behov for framover, kvar i Tysvær dei kunne tenkje seg å bu, og kva slags bumiljø som verkar attraktivt. Er det viktigast å bu sentrumsnært, landleg, ved sjøen, nær familie, nær arbeid eller nær natur- og friluftsområde? Ønskjer folk seg einebustad, rekkehus, leilegheit, småhus, generasjonsbustad – eller kanskje ei tomt der dei kan byggje sjølv?

Undersøkinga handlar også om økonomi og bustadmarknad. For mange, særleg unge vaksne og førstegongsetablerarar, kan høge bustadprisar, krav til eigenkapital, renter eller mangel på aktuelle bustader gjere det vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden. Dette er viktig kunnskap dersom kommunen, utbyggjarar og andre aktørar skal kunne jobbe meir målretta med framtidige bustadløysingar.

I bustadplanen blir det også peika på behovet for meir varierte bustadløysingar og modellar innan det som blir kalla tredje bustadsektor. Det kan til dømes handle om løysingar som deleige, leige-til-eige, prisregulerte bustader eller andre modellar som kan gi fleire moglegheit til å kome inn på bustadmarknaden. For at slike tiltak skal treffe godt, treng kommunen betre kunnskap om kva behov og ønskje som faktisk finst lokalt.

Svar frå undersøkinga vil bli brukte samla i kommunen sitt vidare arbeid med bustad- og samfunnsutvikling. Kunnskapen kan også bli viktig i dialogen med private utbyggjarar, Husbanken og andre samarbeidspartnarar. Målet er at framtidige bustadprosjekt i større grad skal byggje på reelle behov og ønskje frå folk som bur, eller kan tenkje seg å bu, i Tysvær.

Undersøkinga er frivillig og anonym. Du skal ikkje skrive namn, adresse eller andre personopplysningar i opne svarfelt. Resultata kan bli delte i anonymisert og samla form med relevante samarbeidspartnarar. Undersøkinga tek om lag fem minutt å gjennomføre, og svarfristen er 1. september 2026.

Du finn meir informasjon om undersøkinga på Tysvær kommune si nettside. Innbyggjarar i målgruppa som bur i Tysvær, får i tillegg SMS frå Tysvær kommune med lenke til undersøkinga. SMS-en er sendt ut av kommunen og er ikkje svindel. Dersom du er usikker, kan du gå inn via kommunen si nettside for å lese meir før du svarar.

Vi håpar så mange som mogleg vil ta seg tid til å svare. Dine erfaringar, behov og ønskje er viktige når vi saman skal utvikle gode bustader og attraktive bumiljø i Tysvær – både for dagens innbyggjarar og for dei som kanskje skal flytte hit i framtida.