Ei stjerne slokna på himmelen då bodskapen om Synnøves død kom.
Ei stjerne slokna på himmelen då bodskapen om Synnøves død kom.

Synnøve Bredal Bjelland til minne

Ei stjerne slokna på himmelen då bodskapen om Synnøves død kom.

Eit menneske med så mange gode eigenskapar for alle oss som kjende henne og var glade i henne:
Eit lyst og lyttande vesen, omsorgsfull og reflektert, fargerik og modig.
Ho tok tidleg politisk side, og då vindturbinane var på veg til Tysvær, var det naturleg for henne å slutta seg til Motvind Tysvær. Èin rettferdig kamp for naturen.
Med ordet i si makt, både muntleg og skriftleg, var ho i mange år sekretær i styret og skreiv klare og gode referat frå mange møter. Det var vanlegvis søndagsmøter på verkstaden hos Ove, med vaffelsteiking, rådslaging og diskusjonar, med innslag av lått og løye. Synnøve let seg ikkje vippa av pinnen i dette selskapet, heller. Alltid flink til å stilla gode spørsmål, viktig i èin organisasjon!
Møteplass var også CampCleng på Falkeid. Tidlege, hustrige morgonar, seinare kom telt og bålplass, kor me alle blei bedre kjende over kaffikoppen.
Det var demonstrasjonar på Hersdalsvegen, der Synnøve alltid møtte med det store, vaiande flagget og gjerne gjekk i spissen. Alltid i ivrig samtale med andre.
Mange demonstrasjonar og arrangement etterkvart, og Synnøve, saman med andre i styret, møtte nasjonale politikarar. Ho syns også at det var viktig for oss å snakka med dei som ikkje var enige med oss. Der var ho god!
Er det rart ho blir sårt sakna i laget vårt?
Takk for laget, Synnøve, og god tur på di kosmiske reise!
Motvind Tysvær er takksam for tida me fekk saman med Synnøve.

Bjarne Jensen
Leiar Motvind Tysvær