Tom Roger Aadland i aksjon i Tysværtunet på lunsjkonsert. Snart kjem han for å spele inn liveplate, og der kan alle som vil få vere med, rett nok frå salen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom Roger Aadland i aksjon i Tysværtunet på lunsjkonsert. Snart kjem han for å spele inn liveplate, og der kan alle som vil få vere med, rett nok frå salen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Speler inn liveplate: Sjølvsagt i Tysværtunet

Tom Roger Aadland skal spele inn eit nytt album, og det vil han gjere med publikum i salen. Tysværtunet sto høgt på lista over konsertsalar.

Aadland har spelt eit utal av konsertar i storsalen, og når me byr på kaffi og mimring må det skje på kafeen i kulturhuset. Eller mimring blir litt feil, for Aadland er ute og sjekkar stoda berre veker før han tar med seg sju toppmusikarar til Aksdal for å spele inn ei live plate.
– Eg har valt ut Stavangeren og Ole Bull scene til dei to andre opptaka. Saman med storsalen her vil eg då få tre litt forskjellige stadar å spele på å velje i. Det er ikkje å legge skjul på at eg er svak for den gode lyden ein klarer å skape i Tysværtunet. Det er det mange som meiner. Men samstundes må me få til god stemning i salen og då kan det vere greitt å ha noko å velje i. Nå håper eg at mange i Tysvær og omkring vil vere med på plata, smiler Tom Roger Aadland lurt.

40 i feber
Dette blir den andre liveplata han gir ut. For sju år sidan var han i Oslo konserthus og spelte in eit livealbum der.
– Det galnaste er at eg nesten ikkje hugsar noko av det. Eg hadde 40 i feber og det var så vidt me klarte å gjennomføre prosjektet. Men det gjekk, og det gav på mange måtar meirsmak. Mange av låtane mine fungerer veldig bra live, og me plukka frå katalogen min den gongen. Nå derimot blir det heilt nye songar, så det er eksklusivt, for plata kjem ikkje ut før i februar, fortel songaren og komponisten frå Vikebygd.
– Det at det er heilt ny musikk. Kva betyr det med tanke på publikum?
– Det er nok meir skummelt enn å spele best of, men eg har så bra publikum på konsertane at det trur eg blir svært bra. I tillegg har eg plukka med meg noko av det beste som finst av folk som skal spele for meg. Berre denne gjengen er verdt ein konsert aleine. Mellom anna skal produsent og gitarist Kjetil Steensnæs vere med, det same med Anne Lise Frøkedal og Nils Økland, som mange her kjenner. Resten av bandet er Sigbjørn Apeland, Bjørn Holm, Olav Christer Rossebø og Paul Hausken.
– Lånt musikarar av sjølvaste Bjørn Eidsvåg, ser eg?
– Ja, det stemmer. Kjetil og Bjørn speler fast med han. Anne Lise har eg spelt mykje med før, og dei andre har eg også gode relasjonar til. Me blir eit knallbra band, det kan eg love, gliser Aadland lurt under den velkjende hatten.

Vanskeleg
Aadland har skrive dei fleste songane heime i Nittedal. Steensnæs har vore ein fast makker i mange år og har fått eit knippe låtar som dei har jobba vidare med. Slik det bruker å vere når Aadland har gode idear.
– Men å sette saman eit nytt album som også skal spelast inn live, er vanskelegare enn eit reint studioprosjekt. Me må ha fokus på at dette er tøffe konsertar, gire oss opp og få publikum med.
– Men me reknar med at dette er typisk Aadland?
– Det kan eg love. Sjølv om musikarane kan by på eit nytt lydbilete, så trur eg folk vil kjenne godt igjen stilen min. Eg har jobba trinn for trinn for å komme meg opp til eit nivå der eg både har gode låtar og trua på eit slikt prosjekt. Og når ein ser kven eg har i ryggen så er det ingen grunn til å frykte noko som helst.
– Me vere 40 i feber det då?
– Nei, me klarer nok det også.

12
Livealbumet blir utgjeving nummer 12 for Aadland, ei platerekke som har innehalde frå Bob Dylan på norsk til eigne hits, og som har lagt eit grunnlag for stadig fleire og større turnear.
– Men åtte mann på scena pluss teknikarar… Me snakkar om storstilt prosjekt med trailerar og buss kanskje?
– Hehe. Vel, kanskje me må ha buss, men i dag er det mykje lettare å reise rundt enn i gamle dagar. Berre å sikre seg gode lydfiler er blitt noko heilt anna dei siste åra. Me får eit godt materiale å jobbe vidare med, det er eg sikker på. Så er draumen at folk er med og gir sitt bidrag. Det trur eg på, for sist me var i Tysværtunet var det skikkeleg god stemning. Den nye musikken trur eg passar alle her heilt perfekt. Me snakkast snart til opptak, seier Tom Roger Aadland.