Truls Nordahl i NAV-Rogaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Truls Nordahl i NAV-Rogaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nedgang i arbeidsløysa – i Tysvær

Ved utgangen av mai er 11099 personar heilt utan arbeid i Rogaland. I Tysvær er det registrert 110 personar utan arbeid, 1,9 prosent. Det er ein solid nedgang frå 1. mai kor talet var 124.

– Justerer me for sesongvariasjonar ser det ut til at veksten i arbeidsløysa flatar ut, seier Truls Nordahl, fylkesdirektør i NAV Rogaland. Rogaland har framleis høgast arbeidsløyse i Noreg.
Ved utgangen av april er 4,3 prosent av arbeidsstyrka i Rogaland heilt utan arbeid. Samanlikna med i fjor har arbeidsløysa i fylket auka med 45 prosent.
Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. 12 948 personar (5,0 prosent) står enten heilt utan arbeid eller er i eit arbeidsretta tiltak gjennom NAV i Rogaland ved utgangen av mai.
Blant dei heilt utan arbeid er 3808 kvinner og 7291 menn. Det er innan bygg- og anlegg, industriarbeid og ingeniør- og Ikt- fag at arbeidsløysa er størst.

Delvis i jobb
Sett vekk i frå dei som er permitterte er det 1511 fleire som er delvis sysselsette denne månaden enn i same månad i fjor. – Me ser på dette som positivt fordi det indikerer at mange aktive arbeidssøkjarar tek i mot det arbeidet dei finn sjølv om det er på deltid. Det er svært mange fordelar med å vere fleksibel og ha ein fot inne i arbeidsmarknaden, seier Truls Nordahl.

Høgast arbeidsløyse i Eigersund
Variasjonane i arbeidsløysa blant kommunane i Rogaland er store. Kommunane med høgast arbeidsløyse er Eigersund og Sandnes med høvesvis 5,5 og 5,0 prosent. Kommunane med lågast prosentdel heilt utan arbeid er Suldal og Sauda med 0,5 og 1,3 prosent av arbeidsstyrka.

Meir enn 2000 ledige stillingar
I mai er 2055 stillingar lyst ut i Rogaland, ein auke på 15 prosent samanlikna med mai i fjor. 601 av desse stillingane meldte arbeidsgjevarar til NAV i Rogaland. – Me er svært glade for at dei som ikkje har jobb no ser ut til å ha fleire stillingar å søkje på. Ikkje berre ser arbeidsløysa ut til å ha flata ut, men me ser ei auke i talet på utlyste stillingar. Det er i Nord-Rogaland at me ser den største prosentvise auka i ledige stillingar, men me ser og ei betydeleg auke i utlyste stillingar i Stavanger-regionen, seier Truls Nordahl.
I mai er det flest ledige stillingar er det innan helse, pleie og omsorg (408 ledige stillingar), bygg- og anlegg (378 ledige stillingar) og industriarbeid (179 ledige stillingar).