Presentasjonsfilmen til Tysværvåg er imponerande laga. Skjermdump frå filmen.
Presentasjonsfilmen til Tysværvåg er imponerande laga. Skjermdump frå filmen.

Populær presentasjonsfilm

– Utruleg kjekt å få så frie tøylar, seier Erlend Bjelland frå Absurd Film, som har laga presentasjonsfilmen til Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Filmen blei raskt spreidd på Facebook og Youtube, og har fått drøssevis av treff.

– Han blei raskt delt og har fått god mottaking. Me er godt nøgde, seier Bjelland, som bortsett frå produksjonshjelp frå kollega Ole Erik Fylkesnes, har laga heile filmen aleine.

Bakgrunnen for den imponerande og morosame filmen er at Tysværvåg i fjor haust blei del av «Erasmus+» – eit EU-program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett.
Skular i Wales, Belgia og Tyskland har gjennom «Comenius», samarbeidd i nesten 20 år. For fire år sidan kom også Spania med, og på eit kontaktseminar i 2015, blei Tysværvåg invitert med i eit «Erasmus+»-prosjekt saman med desse skulane.

Då skulen på ein ganske beskjedent budsjett, skulle lage ein presentasjonsvideo, kontakta dei Absurd Film.
– Eg tenkte at me måtte få mest mogleg utav budsjettet deira, og gjerne lage noko litt annleis. Alle var veldig positive og flinke. Dei to «hovudrolleinnehavarane» Jørgen og Birgitte imponerte stort. Det same gjorde resten, og ikkje minst rektoren som var så sporty og positiv, seier Bjelland – og viser oss videoen.
– Dei snakkar på engelsk, faktasetningar kjem inn i bilde kontinuerleg og elevane illustrerer på humoristisk vis, kva dei driv med på skulen i Tysværvåg. Lærarane får gjennomgå, den eine blir mellom anna servert ei chiligryte som får det til å bokstaveleg talt brenne i munnen hans. Rektor Dybdahl er slepp heller ikkje unna. Han får ei fløytekake kasta i ansiktet!
– Det er det eg meiner, dei var med på alt. Og eg meiner at dette har ein heilt annan effekt enn ein meir ordinær presentasjonsvideo, seier Bjelland.

Les mykje meir om saka i vekas papirutgåve av Tysvær Bygdeblad

Og sjå filmen her:
https://www.youtube.com/watch?v=7H0XB8jQPNQ